Gruppe med menneske kledd i oransje vest lyttar til instruktør i blå vest Vis bildetekst
Opplæring av nye Hjelpekorpsarar på Nesholmen

Grunnopplæring Hjelpekorps

Før du blir godkjent hjelpekorpsar og kan delta på aksjon, skal du få skikkeleg god opplæring. Her kan du lese om grunnopplæringa i hjelpekorpset.

Førstehjelp, bruk av samband, metodar for søk og redning og ei innføring i kva Røde Kors og Hjelpekorpset er. Det er opplæringa du må igjennom før du kan delta i søk og redning.

Slik går du fram:

  1. Kontakt ditt lokale hjelpekorps. Fortel at du ønskjer å bli med. Avklar kva kurs du kan ta og når det er planlagt kurs. Nokon kurs vert planlagt og gjennomført lokalt, medan nokon kurs vert planlagt og haldt av Distriktsråd Hjelpekorps. 
  2. Registrer deg digitalt i Røde Kors. Du kjem då inn i vårt medlemsregister, og får tildelt ei aktivitetstilknytning til ditt hjelpekorps. Då får du ein brukarkonto. Logg deg inn og meld deg på kursa du har avtalt med di korpsleiing.

 

Her finn du planlagte kurs og samlingar. 

 

Desse kursa treng du for å bli hjelpekorpsar: 

1. Dette er Røde Kors Hjelpekorps 

Bli kjent med hjelpekorpset si organisatoriske oppbygging, om idéen bak hjelpekorpset og historia. Her lærer du om hjelpekorpset sine oppgåver, dei styrande dokumenta og om hjelpekorpset som støtteaktør for myndigheitene. Ein får også praktisk informasjon om lokalt hjelpekorps.

2. Kvalifisert førstehjelp. 

Du lærer grunnleggande førstehjelp til bruk på sanitetsvakter og i søk og redningsoppdrag. Det blir pasientundersøing og livreddande førstehjelp, du får kjennskap til skader og sjukdom, ulykker og førebyggande tiltak. Kurset er ei blanding av teori og øving. Kurset vert avslutta med prøver, som du må bestå for å bli godkjend.

3. Kvalifisert samband 

«Kvalifisert samband» er eit brukarkurs i Nødnett. I tillegg handlar det om bruk av og prosedyrer i samband i Røde Kors generelt samt noko teknisk informasjon om samband som er naudsynt å kjenne til.
Kurset avsluttast med ei ringløype.

4. Kvalifisert søk og redning. 

Kurset vil gje deg nødvendig kunnskap og haldningar som set deg i stand til å delta på søk- og redningsaksjonar på ein sikker, nøyaktig og effektiv måte. Du får innblikk i korleis redningstenesta er bygd opp, og får trent på ei rekke søkemetodar og korleis frakte pasient i naturen. Du får lære rutiner for funn og handsaming av tause vitner, og korleis du best kan sikre eigen tryggleik og ta vare på deg sjølv i naturen. Mentale førebuingar og defusing er også ein del av kurset.

5. Hjelpekorpsprøven

Når grunnoppløringa er fullført tek ein "Hjelpekorpsprøven" i e-læringsplatformen vår. Når denne er bestått er du godkjend hjelpekorpsar og kan bestille ID-kort.

Her finn du planlagte kurs og samlingar. 

 

For spørsmål kontakt Martine. 

2303_Martine Viken_mindre
Martine Viken
Tiletteleggar for opplæring og oppfølging av frivillige. Ansvar for Henry turnéen.
E-post
martine.viken@redcross.no
Mobil
971 39 640