Beredskapsvakt_web

Psykososiale team i Sogn og Fjordane

Psykososial støtte i kvardag og krise

Sogn og Fjordane Røde Kors etablerer eit psykososialt team. Teamet skal vere ein felles ressurs for lokalforeiningane i fylket med forsterking av den psykososiale innsatsen ved kriser og alvorlege hendingar, samt råd og rettleiing.

Bli med på informasjonsmøte 

Det vert informasjonsmøte om psykososiale team onsdag 4. november kl. 20:00 på Teams. Klikk her for å melde deg på informasjonsmøtet!

Klikk her for å bli med på møtet.

Meld interesse

Fyll ut dette skjemaet eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Vår organisering

  • Lokalt
    Lokalt i nærmiljøet.
    Klar ved mindre og større
    hendingar.
  • Distrikt
    Frå alle områder.
    Ansvar for koordinering ved
    større hendingar.
  • Dei frivillige lokalt og på distrikt blir eit team
    Nettverk og ressurspersonar

Denne inndelinga gjev nærleik til lokalsamfunn og sikrar eit system som kan støtte kvarandre ved større hendingar.

Før under og etter kriser

Før
Formidle kunnskap om korleis lokalsamfunn kan førebu seg og støtte kvarandre. Planlegging, relasjonsbygging, kurs og øvingar.

Under
Forsterkning med psykososial førstehjelp. Råd og rettleiing til lokalforeiningar, frivillige og leiarar.

Etter
Oppfølging av råka, styrking av møteplassar og fellesskap, og læring etter hendinga.

Teamet er eit supplement til eksisterande beredskap og bygger ikkje opp parallelle funksjoner. Dei driv ikkje behandling og overtar ikkje kommunen sitt ansvar for psykososial oppfølging.

Di erfaring tel

Erfaring frå frivillig arbeid i og utanfor Røde Kors er svært verdifull i eit psykososialt team. Du bruker det du kan i ein ny samanheng, får påfyll av kompetanse og knytt teamet tettare til lokalforeninga di.

Teamet treng deg som

• er interessert i psykososial støtte og beredskap
• møter menneske med respekt og omtanke
• er god til å lytte og samarbeide
• held roa i krevjande situasjonar
• kjenner eigne styrker og avgrensingar

Du trenger ikkje vere helsepersonell. Skikkavurdering og motivasjon vektleggast.

Dette får du

Opplæring, oppfølging, faglege samlingar og øvingar, og eit fellesskap med andre frivillige. Du er med frå start og påverkar korleis arbeidet skal sjå ut i Sogn og Fjordane.

Dette forventast

Deltaking i opplæring og øvingar, og svar på varsling etter avtalte rutinar. Ingen forventar at du er tilgjengelig heile tida. Teamarbeidet kan kombinerast med aktiviteten du allereie er med i.

Martine Viken
martine.viken@redcross.no
97 13 96 40

Thomas James
thomas.james@redcross.no
93 69 75 71