Få besøk av Røde Kors seksualopplysarar i ungdomsskule- eller vidaregåande klassar.
Gjennom Aktivt val vil Røde Kors gjennom to skuletimar gje ungdom relevant kunnskap som kan bidra til gode haldningar, sunne ideal og betre tryggleik når dei sjølv skal debutere seksuelt. Vi ønskjer ein ungdom som er trygg på eigen seksualitet, og slik også ha betre kontroll på si seksuelle helse.
Dato for 2022 er ikkje sett enno, men normalt vert det gjennomført i mai.
Aktivt val held kondomtrening. Elevane prøver ut å kvalitetssikre og tre ein kondom på ein øvingsdildo.
Aktivt val er i samarbeid med sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde. Seksualopplysarane er studentar som gjennomfører sin studentpraksis.
Meir om undervisning og påmelding
Har du fleire spørsmål? Kontakt:
Thor Erlend Mehammer
Tilretteleggar for distriktsråd ungdom og omsorg. Jobbar med Røde Kors Ungdom, Røde Kors friluftsliv og førstehjelp (RØFF), Røde Kors Nordisk United World College og andre aktivitetar innan ungdom og omsorg.
Ung til ung-prinsippet. Våre instruktørar er ungdom i alderen 20 - 30 år. I rapporten «sex og sånn» gjennomført av PRESS/Redd Barna i 2005, kom det fram at ungdom mellom 15 og 20 år helst ser at det er «eldre» ungdom som tek seg av seksualundervisinga. I rapporten kjem det fram at dette er mindre flaut og det gjer det lettare å snakke om temaet sex og seksualitet.
Skulen som læringsarena for seksualitet. I den same rapporten frå 2005 kom det tydeleg fram at den beste læringsarenaen for eit tema som seksualitet er på sjølve skulen. Her føler ungdomane seg trygge, og det vert rekna som normalt at eit tema som seksualitet vert teke opp her. Det same har vi erfart i vårt prosjekt og det er difor våre instruktørar reiser til skular i heile Sogn og Fjordane.
Anonymisert undervising. Erfaringane som vi sjølve har gjort gjennom undervising og evaluering er at elevane føler seg tryggare til å spørje det dei opplever er vanskelege eller flaue spørsmål til ungdomsinstruktørar som dei til vanleg ikkje møter, eller kjem til å møte igjen. Dette kjem òg fram i rapporten «sex og sånn».
Aktiv deltaking. Vi er opptekne av dialog og praktisk retta seksualundervising. Gjennom aktiv deltaking skal skuleelevane lære om kor raskt seksuelt overførlege infeksjonar kan spreie seg, korleis ein brukar kondom på rett måte, og delta i spel som går ut på å utfordre tabu og «etablerte» meiningar ungdom kan ha om gutar og jenter sin eigen seksualitet.
Undervisinga er tilpassa gjeldande smittvernreglar. Det betyr færre praktiske oppgåver enn normalt, med meir tid for spørsmål og refleksjon.
Instruktørane våre er sjukepleiarstudentar hjå Høgskulen på Vestlandet, avd. helsefag i Førde. Dei er no i sitt 4. semester i ein treårig bachelourutdanning.
Som ein del av utdanninga skal dei gjennomføre praksis knytt til helsefremjande og førebyggjande arbeid. Dette er ein praksis omlag tolv studentar gjennomførar hjå Sogn og Fjordane Røde Kors. Gjennom utdanninga har dei tilknytt seg kunnskap om anatomi, fysiologi, sjukdomslære, farmotologi m.m. Dei har og gjennomført praksis i sjukeheim og somatisk sjukehus.
I tillegg må dei gjennom kurs i Røde Kors som sertifiserer dei som seksualopplysarar. Kurset har følgjande læringsmål: 1. Forståing for kva seksualitet, sex og lyst er. 2. Reflektere over bestemte normer og stereotypiar knytta til kjønn og seksuell orientering og lære å gjenkjenne diskriminering. 3. Kunnskap om, og reflektere over grensesetting, samtykke og handlingsval i seksuelle situasjonar. 4. Kunnskap om seksuelt overførlege infeksjonar, bruk av kondom, og kvar ein kan søke kvalitetssikra informasjon om seksuell helse. 5. Pedagogikk, korleis snakke med barn og unge. 6. Aktiv presentasjonsteknikk, korleis engasjere barn og unge.
Sidan 2005 har Folkehelseinstituttet målt tal seksuelt overførlege infeksjonar gjennom www.msis.no. Der kan ein sjå at tal smitta av klamydia i Noreg var i verdstoppen og aukande. Denne statusen ville Røde Kors endre ved å informere og påverke ungdom til sunnare ideal og gode haldningar knytt til seksualitet.
Aktivt val-prosjektet vart starta i 2008 som eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Røde Kors.
Frå 2008 til 2019 har 5603 elevar delteke på seksualundervising i regi av Sogn og Fjordane Røde Kors.
I dag er prosjektet vidareført av Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde. Aktivt val er basert på at sjukepleiestudentane har ein studentpraksis med fordjupning i ungdomsseksualitet. Gjennom oppfølging på høgskulen og kursing i Røde Kors, vert dei godkjente som seksualopplysarar. Studentane gjennomfører ein "turne" i heile Sogn og Fjordane på vårparten.
Presentasjonen i Aktivt val varer i 90 minutt. For sjukepleiarstudentane i Førde er dette eit godkjent prosjektarbeid i deira utdanning innan helsefremjande arbeid. Alle som deltek i prosjektet har gjennomført eit instruktørkurs i emnet over 2 dagar.
Seksualopplysar-gruppa tek berre ei klasse/gruppe (ca. 30 elevar) om gongen, men kan ta opp til tre grupper kvar dag. (Det er sjølvsagt lov å slå i hop mindre klassar, men for best resultat bør ikkje deltakartalet vere mykje over 30 elevar.)
Ved fleire klassar/grupper etter kvarandre ynskjer vi å bruke same klasserom heile dagen
Lærar eller skulehelsesøster treng ikkje vere til stades, men er sjølvsagt velkomen (erfaring tilseier at resultatet vert best når «vaksne» ikkje er til stades under undervisinga).