Else Drageset, Arne Dale og Berit Flæthe Arntsen førebur seg på å arrangere Ferie for alle.   Foto: Henriette Solheim/Røde Kors. Kostyme: Jon Atle Rise/Røde Kors Ungdom Vis bildetekst
Else Drageset, Arne Dale og Berit Flæthe Arntsen førebur seg på å arrangere Ferie for alle. Foto: Henriette Solheim/Røde Kors. Kostyme: Jon Atle Rise/Røde Kors Ungdom

43 familiar får ferie med Røde Kors

Sogn og Fjordane Røde Kors har gleda av å ønskje 209 personar velkomen på Ferie for alle på Haugland. Dei kan vente seg kjekke dagar!

Den 1. juli står 15 frivillige røde korsarar klare til å ta imot 22 familiar på Ferie for alle på Haugland i Fjaler. Veka etterpå står nye frivillige klare til å ta imot 21 nye familiar.

– Vi gleder oss veldig til å ta imot, seier medlemmene i ressursgruppa for Ferie for alle, som nyleg var samla for å planlegge dei siste detaljane.

Ferie for alle er litt som leir, berre at det er for familiar. Dei bur i leilegheiter der studentane ved RKNUWC vanlegvis bur. Programmet er fullt av spennande aktivitetar, som hesteriding, handarbeid, tubekøyring, padling, roing, fisking, bogeskyting og felles matlaging i det nye bakehuset. I tilleg er det sjølvsagt mykje leik, spel og fritid.

Vi samarbeider med UWC Connect om tilbodet - sjå deira film nedanfor!

 

Familiane som får dette tilbodet, er blant dei her i fylket som har minst å rutte med. Det er kommunale tenester med innsyn i familiane sin økonomiske situasjon, som har søkt på vegne av dei.

Mot utanforskap

– Føremålet er å redusere barna si opplevinga av å vere utanfor. Ferie for alle gjev dei noko kjekt å sjå fram til, og det gjev dei noko å fortelje kameratane etter ferien, seier Arne Dale, leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg, som er arrangør.

Arne Dale_leiar distriktsråd omsorg_SFRK_1000
Arne Dale er nyvald leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg, som driv Ferie for alle her i fylket.

Auke i målgruppa

Tal barn som lever i familiar med varig låg inntekt har auka også i Sogn og Fjordane dei siste åra. Den nyaste statistikken syner at over 1600 barn her i fylket lever i familiar med varig svak økonomi. Så er det også 93 personar som har søkt, som ikkje har fått eit tilbod hjå Røde Kors.

– Det har vore ein auke i målgruppa dei siste åra, og det er dessverre slik at ikkje alle får plass. Det er er ein ressurskrevjande aktivitet, både økonomisk og å få nok frivillige. Per i dag har vi ikkje kapasitet til å ta imot fleire, seier Dale.

– Eg vil takke dei frivillige som brukar både ei og to veker av sommarferien sin for å stille opp, slik at denne aktiviteten er mogeleg å gjennomføre. Takka vere dei, er det no mange som får ei god oppleving med familien sin i sommar, avsluttar Dale

Les meir om vårt humanitære ferietilbod!