Røde Kors deler ut mat til barn på togstasjon

Krigen i Ukraina - kva gjer vi og kva kan du gjere?

Vi får mange spørsmål om korleis ein kan bidra og kva som er lurt å forbrede seg på.

Røde Kors er på plass på mottak fleire stadar i landet og hjelper til slik at det å komme til Noreg skal opplevast som trygt for flyktningane.

Vi forberedar oss på å ta i mot flyktningar til vårt distrikt. På distriktskontoret har vi satt saman ei gruppe som koordinerar og følger med på situasjonen. Lokalt Røde Kors, i ditt nærmiljø planlegg for aktivitetar for flyktningane når dei kjem. 

Korleis kan eg hjelpe?

Den beste måten å hjelpe på er å bidra med pengar. Du kan støtte Røde Kors sitt arbeid i Ukraina her.

Naudhjelpsarbeidet i Ukraina og i nabolanda har pågått sidan krigen starta. Røde Kors mobiliserar pengar, personell og naudhjelp. Røde Kors har fått fleire trailarar med naudhjelp inn i landet, og held fram med arbeidet for å få inn meir. Den internasjonale Røde Kors rørsla bidreg også med å evakuere sivile frå krigsramma områder. 

Ynskjer du å bli frivillig for å bidra når det kjem ukrainske flykningar til vårt distrikt?

Vi har trong for fleire frivillige som kan bidra på aktivitetar når det kjem nye flyktningar til våre lokalsamfunn. 

Dersom du ynskjer å bli frivillig i Røde Kors kan du melde di interesse på denne sida: https://www.mittrodekors.no/

Etter at du har meldt deg som frivillig går innmeldinga vidare til di lokale Røde Kors-foreining som vil ta kontakt. Dei vil også gje informasjon om kva type aktivitetar du kan engasjere deg i.

Les meir om Røde Kors sitt arbeid her.

Har du spørsmål send e-post til dk.sognogfjordane@redcross.no