Oppstilt bilete av mor og to døtre og ein frivillig Vis bildetekst
F.v: Elisabeth Kristin Førde, Hannah Kristine Førde, Oda Louise Førde og Heidi Eriksrød. Familien Førde og Heidi Eriksrød har vore på leir saman fleire somrar og har fått eit nært forhold.

Har funne venskap for livet på Ferie for alle.

For Elisabeth Førde og hennar døtre er "Ferie for alle" ein viktig del av sommaren. Venene heime vert missunnlege når dei høyrer om leiropplevingane.

- Mine ungar snakkar så varmt om leiren at vener, som gjerne reiser til syden på ferie seier til sine foreldre at dei vil på leir dei også, seier Elisabeth Førde.

Eit fullverdig alternativ til Syden

Elisabeth er aleine med fire jenter. Ho har full jobb, men likevel er det trangt økonomisk.

- Mine ungar spør også om å reise til syden, men det er ikkje aktuelt for oss, ikkje sånn det er no vertfall, fortel Elisabeth.

For familien frå Bremanger gjev "Ferie for alle" alt det ein god ferie skal innehalde. Aktivitet, glede, venskap og opplevingar å snakke om og tenke på når ein kjem attende til kvardagen. Favorittaktivitetane til Hannah Kristine og Oda Louise er tube og "stand-up-paddle".

- Ungane treng aktivitet, det vert fort mykje skjerm om vi berre er heime utan planar, fortel Elisabeth.

Mor og to døtre bakar pizza i Bakehuset
"Feire for alle" gjev verdifull familietid. Her lagar Elisabeth og døtrene pizza i bakehuset.

Ynskja å bidra til normalisering

Elisabeth lot seg intervjue av lokalavisa Firda i fjor, og der ho fortalte at det faktisk er heilt greit å ikkje ha råd til å reise til syden.

- Eg gjorde det for at det skal bli mindre stigmatiserande, fortel Elisabeth.

Med å fortelje si historie i lokalavisa bidreg Elisabeth til normalisering. I saka fekk ho fram at det ikkje skal vere skamfult å ikkje ha råd til ferie. Tilbakemeldingane ho har fått har vore utelukkande positive.

På landsbasis er det ei auke i talet søkarar til "Ferie for alle". I år er det truleg mange som kjenner på at dei ikkje har råd til å reise på lang ferie, også dei med to normale inntekter. Det 300 deltakarar som får delta på leir med Røde Kors på Haugland i sommar, medan det er 100 søkarar som står på venteliste. 

Trygge frivillige

På "Ferie for alle" har både ungane og Elisabeth funne gode vener. Dei søker seg til same veka og dei er saman på kveldane.

- Vi har funne venskap for livet, og det er bra for både meg og ungane, seier Elisabeth.

Familien har også fått eit nært forhold til mange av dei frivillige.

- Her er mange kjekke frivillige. Når du har funne ei god tone med nokon, så er det kjekt å treffast igjen, seier Elisabeth.

Frivillig og to barn padlar
Ungane syns det er kjekt når dei frivillige er med i aktivitet. Her padlar Heidi med Oda Louise og ei venninne.

Heidi Eriksrød har vore leiar i gruppa til familien fleire gongar. Gleda var stor då familien Førde oppdaga at Heidi skulle vere i same gruppe som familien også i år.

- Ungane fann tonen med ho første sommaren, dei går til ho, dei tullar og leikar med ho. Ungane har funne tryggleik hos Heidi, og ho forstår kva ungane treng, fortel Elisabeth.

Heidi fortel at ho gler seg like mykje som ungane. Når ho møter Elisabeth og jentene vert ho møtt meg ein god klem.

- Det er så gøy å vere med ungane og foreldra, ein vert så godt kjent med dei, fortel Heidi.

Heidi har vore på "Ferie for alle" fire gongar. Bedrifta ho jobbar i, Caverion har kutta ut julegåver til sine tilsette og gjev heller ei veke frivillig arbeid til 20 tilsette på landsbasis. Heidi er alltid like glad når ho er ein av dei heldige som får vere med.

- Det her er jo ferie for meg også. Det er sånn at det er trist å reise på fredagen, fortel Heidi.

Frivillig syner sitt gule armband
Er du på gul gruppe også? På leiren vert ein delt i grupper som skal vere saman heile veka og skal igjennom alle aktivitetane i lag. Kvar gruppe har to frivillige som føl dei i alle aktivitetane.

 

Bli frivillig på "Ferie for alle" du også! 

 

Les meir om "Ferie for alle".