23_9_LSN_Fylkestreff Lyngmo-fanebilete

Bereskaps-Noreg samla på Fylkestreff for unge

Utanfrå kunne det sjå ut som det foregjekk ei alvorleg hending på leirstaden Lyngmo på Hafslo denne helga. Blålys, sirener, røyk, signalfarga køyretøy og vestar var noko av det som omringa leirstaden.

Heldigvis var det verken brann, redningsaksjon eller pågåande vald som trakk redningstenesta til Hafslo denne laurdagen. Ung i Røde Kors Sogn og Fjordane samla ei rekke beredskapsaktørar til fylkestreff for å syne ungdom korleis redningstenesta i Noreg fungerar og for å inspirere til framtidig engasjement.

- Målet er å så nokon spirer, som dei enten kan ta med seg inn i arbeidslivet, om dei skal inn i hjelpekorpset, Sivilforsvaret eller Norske Redningshundar. Vi vil jo ha folk inn i frivilligheita, det ser vi jo at vi treng, seier Marte Heggestad, som er leiar i Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane.

Ung kvinne i Røde Kors jakke
Marte Heggestad er leirsjef og leiar i Ung i Røde Kors Sogn og Fjordane.

Framtidas beredskap

Etter ei kort innføring i korleis redningstenesta i Noreg er bygd opp, avslutta politiet med å spørje ungdommen om dei har lyst å bli ein del av dette her? 

Utanfor venta ambulanse, politi, brannbil og Luster Røde Kors Hjelpekorps si kommando-vogn (KO-vogn). Ungdommen vart delt inn i grupper og fekk møte menneska og sjå utstyret og køyretøya til dei ulike instansane.

Ambulansearbeider syner ungdom ambulanse
Ove Fortun syner ungdommen ulike instrument som er i ambulansen. Ove er både ambulansearbeider og leiar i Luster Røde Kors hjelpekorps.

Politiet synte fram verneutstyr og forklarte reglane for bering av våpen, medan i ambulansen fekk ungdommen sjå båre, hjertekompresjons-maskin og anna utstyr. I KO-vogna til Luster Røde Kors kunne ungdommen sjå korleis ein redningsaksjon vert organisert og leia.   

Sogn Brann og redning synte stolt fram sin splitter nye brannbil. Då ungdommen forsiktig spurte om lov til å klatre på taket og svaret var positivt, tok det ikkje lang tid før dei spratt opp og kamera vart slått på. Både i ambulansen og i brannbil fekk ungdommane høve til å sitje førarsete og trykke på sireneknappen.

To gutar på brannbil-tak
Fleire av ungdommane fekk nok ein liten barndomsdraum oppfylt då dei fekk både klatre på og sitte i førarsete på brannbilen.

Rakel Torheim frå Nordfjordeid tykte det var interessant å få eit innblikk i arbeidet til dei ulike redningsinstansane.

- Eg har lært korleis dei ulike oppgåvene vert gjennomført og kva som skjer om det vert utrykning. Eg tykkjer det verkar spanande, det er yrker der det er mykje som skjer, og mykje spaning, seier Rakel.

Samarbeid mellom aktørane

Etter eit lite «sceneskift» ute på plassen var det klart for Sivilforsvaret, Norske Redningshundar og Røde Kors vassredning å syne seg fram. Ungdommane fekk prøve å spyle med Sivilforsvaret sine vassledningar og dei fekk øve på kasteline. Det vart også gjennomført søk etter ei sakna dukke under vassoverflata.

Å sjå korleis redningshundar søker og på kort tid finn fram til ein person imponerte Mathias Nordal, Erlend Sagmo Nygardsøy og Casper Ommedal Leirvik frå RØFF-laget til Svelgen-Bremanger Røde Kors. På nokon få minutt klarte hundane å snuse seg fram til ein markør som hadde gøymt seg.

Dei tre «røffarane» frå Svelgen tykte det var nyttig å øve på kasteline, og tykte det mest spanande var å kikke etter dukka under vassoverflata ved hjelp av vasskikkert. Dei tre gutane tykkjer det er nyttig det dei har opplevd og lært denne dagen.

Tre fornøgde gutar
Casper (t.v), Erlend og Mathias (t.h) er med i RØFF og vurderar å bli med i hjelpekorpset når dei vert gamle nok.

- Det er god erfaring og ganske lærerikt, og så kan du lære det vidare til andre, seier Mathias.

Fleire av ungdommane på fylkestreff er med i Røde Kors Førstehjelp og Friluftsliv (RØFF). RØFF er eit fritidstilbod der deltakarane får kunnskap om førstehjelp og ferdsel i naturen. Mange av deltakarane i RØFF vert rekruttert til Hjelpekorpset når dei vert gamle nok. RØFF gjev eit godt grunnlag for å fortsetje i redningstenesta.

- I Hjelpekorpset samarbeidar vi jo med sivilforsvaret, Norske redningshundar, ambulanse, politi og brann, alt etter kva situasjon ein kjem i. Er det leiteaksjon så er gjerne politiet der, og redningshundane er med å leitar. Så det er det nyttig å lære om dei ulike samarbeidspartanarane, seier Marte Heggestad.

Frå Georgia til Lyngmo

Ungdommmar frå seks ulike lokalforeiningar i Georgia Røde Kors deltok på Fylkestreff på Lyngmo. Sogn og Fjordane Røde Kors har eit samarbeid med Georgia Røde Kors. Representantar frå Røde Kors i Sogn og Fjordane har besøkt Georgia fleire gongar, og no var det Georgia Røde Kors sin tur å besøke oss.

Samarbeidet er eit så kalla twinningprosjekt, der føremålet er å styrke Røde Kors lokalt, støtte konkret aktivitet, styrke internasjonal forståing og kunnskap hjå medlemmane - for begge partar. Med eit ynskje om å satse på ungdommen vart det sendt ein ungdomsrepresentant frå kvar lokalforeining vi samarbeidar med i Georgia, samt ein tilsett som arbeidar i avdelinga for ungdomsarbeid på Georgia Røde Kors sitt nasjonalkontor.

Ei gruppe ungdom frå Georgia
F.v: Anna Paichadze, Batumi Natia Robakidze, Kutaisi Mariam Nikolashvili, Head of youth and volunteering development department Ana Sikharulidze, Borjomi Akaki Chavleshvili, Ozurgeti Khvicha Dekanadze, Khulo

– Dette har vore ei mogelegheit for oss til å sjå korleis de reagerar i krisesituasjonar. Vi har også sett korleis de lærer unge mennesker denne kunnskapen. Våre frivillige vil ta med seg denne kunnskapen heim, sier Mariam Nikolashvili, som er tilsett på nasjonalkontoret i Tbilisi.

Sosialt og kjekt

Rakel Torheim er med i RØFF på Eid og tykkjer det nyttig å lære korleis dei ulike samarbeidspartnarane til Røde Kors jobbar.  

- Dersom ein blir med i Røde Kors så er det nyttig å vite korleis dei jobbar, som til dømes i ambulansen. Hos ambulansen lærte vi meir om kva ein kan gjere om ein finn nokon bevisstlaus på bakken. Det er viktig å lære, for det kan bidra til å redde liv, seier Rakel.

Ung jente
Rakel frå Nordfjordeid tykte det var spanande å lære meir om dei ulike beredskapsaktørane.

I tillegg til at det er lærerikt på leir, er det også sosialt og kjekt.

- Det er gøy på leir, ein får møte mange kjekke folk som har samme interesser og det er veldig sosialt og eg det gøy å få innføring i alt det som skjer i RØFF og sånn, seier Rakel.