Ei gruppe glade ungdommar med tommel opp Vis bildetekst
F.v: Anna Paichadze - Batumi, Natia Robakidze - Kutaisi, Mariam Nikolashvili - leiar på avdelinga Youth and volunteering development på nasjonalkontoret i Tbilisi, Miranda Gurgenidze- Chokhatauri, Ana Sikharulidze - Borjomi, Akaki Chavleshvili- Ozurgeti, Khvicha Dekanadze- Khulo

Frå Georgia til Lyngmo

Ungdommar frå seks ulike lokalforeiningar i Georgia Røde Kors deltok på Fylkestreff på Lyngmo.

Sogn og Fjordane Røde Kors har eit samarbeid med Georgia Røde Kors. Representantar frå Røde Kors i Sogn og Fjordane har besøkt Georgia fleire gongar, og no var det Georgia Røde Kors sin tur å besøke oss.

Samarbeidet er eit så kalla twinning-prosjekt, der føremålet er å styrke Røde Kors lokalt, støtte aktivitet, styrke internasjonal forståing og kunnskap hjå medlemmane - for begge partar. Med eit ynskje om å satse på ungdommen vart det sendt ein ungdomsrepresentant frå kvar lokalforeining vi samarbeider med i Georgia, samt ein tilsett til Ung i Røde Kors sitt fylkestreff.

Innblikk i norsk beredskapsarbeid

På fylkestreffet fekk ungdommane møte fleire av dei ulike redningsaktørane i Noreg. Ung i Røde Kors Sogn og Fjordane samla ei rekke beredskapsaktørar for å gje innblikk i korleis redningstenesta i Noreg fungerer. Politiet, Sogn Brann og Redning, ambulansetenesta, Sivilforsvaret, Norske Redningshundar og Røde Kors Hjelpekorps var til stades.

– Dette har vore ei mogelegheit for oss til å sjå korleis de reagerer i krisesituasjonar. Vi har også sett korleis de lærer unge menneske denne kunnskapen. Våre frivillige vil ta med seg denne kunnskapen heim, seier Mariam Nikolashvili, som er tilsett i ungdomsavdelinga på nasjonalkontoret til Georgia Røde Kors.

Brannbil og ei gruppe ungdommar
Norsk og georgisk ungdom fekk eit innblikk i dei ulike redningsaktørane sitt arbeid, og fekk sjå og prøve ein del utstyr. Her får ungdommen prøve kasteline.

Store likskapar

Georgia ligg i Europa, på grensa til Asia, 3000 kilometer søraust for oss. Du finn landet mellom Tyrkia og Russland ved austkysten av Svartehavet. I Nord ligg fjellkjeda Kaukasus, og landet grenser også til Azerbajdjan og Armenia. Landet har fem millionar innbyggarar, ein million bur i hovudstaden Tbilisi. 

Georgia har ein del fellestrekk med Norge, med mykje ville fjell og elver, noko som er relevant for hjelpekorpsarbeid eller arbeid knytt til naturkatastrofar.

Ungdommen frå Georgia snakka om landet sitt og om Røde Kors sitt arbeid i Georgia. Dei synte fram ein video der ein kunne sjå landskapet i Georgia. Mange av dei norske ungdommane var overraska over å sjå likskapen mellom fjell-landskapa der nede og her heime.

Ungdom står på scene og fortel entusiastisk
Anna Paichadze frå Batumi fortel entusiastisk om Røde Kors i Georgia.

Tek med kunnskapen heim

Dei frivillige ungdommane som besøkte Noreg jobbar innan ulike avdelingar og med ulike aktivitetar i sine Røde Kors lokalforeiningar. Nokon jobbar med søk og redning, medan andre jobbar med omsorg eller ungdomsaktivitet, nokon er også med i krisehandteringsgrupper.

Ana Sikharulidze er ein av dei frivillige som har komt til Lyngmo frå Borjomi i Georgia.

- Det var veldig interessant det vi har vore med på i dag. Den informasjonen vi fekk var lagt opp på ein kreativ og morosam måte, noko som er veldig viktig. Og vil fekk mogelegheit til å dele vår informasjon, og vi fekk lære av kvarandre, seier Ana.

Blid jente med tommel opp
Ana Sikharulidze frå Borjomi er nøgd med opphaldet i Luster.

Jostein Vedvik er ein av dei norske ungdommane som har fått høve til å besøke Georgia i 2019. Han var frivillig på fylkestreffet og er med i Internasjonalt utval i Sogn og Fjordane Røde Kors.

- Det var utruleg kjekt å møte dei som kom og å bli kjent med dei. Vi sat i peisestova, dei spelte piano og sang georgiske sangar. Det kom nokon norske ungdommar og var med, spurte spørsmål og vart betre kjent, og så vart det ei skikkeleg fin stund, fortel Jostein.

Då Jostein var i Georgia fekk han erfare kva ein kan få ut av ei slik utveksling.

- Ein får inspirasjon fordi dei gjer ting på ein anna måte enn oss. Dei har sjølvsagt andre forutsetningar, men på same tid er det mykje som er likt. Noko av det spesielle var å sjå kor nært samarbeidet var mellom dei eldre og dei unge, det tykte eg var veldig fint, fortel Jostein.

Dette inspirerte Jostein til å starte opp Besøksteneste Ung då han kom attende til Noreg, og til å få fleire unge inn i Røde Kors Omsorg.

Ei gruppe bilde ungdommar
Deltakarar og frivillige frå Georgia og Noreg. Jostein Vedvik til høgre.

Vidare samarbeid

Det er planlagt vidare samarbeid mellom Georgia Røde Kors og Sogn og Fjordane Røde Kors. Vi har mykje å lære av kvarandre, og ettersom at landskapet i Sogn og Fjordane har mange likskapar med landskapa i nokon av Georgia sine områder har vi mykje erfaringar vi kan dele innan søk og redning.

I tillegg til å satse vidare på ungdommen, er det planar om samarbeid og erfaringsutveksling knytt til hjelpekorps og søk og redning. Som frivillig i Røde Kors i Sogn og Fjordane har ein høve til å bidra i dette internasjonale samarbeidet.