Gruppe med ungdom og vaksne Vis bildetekst
Luster Røde Kors og Frivilligsentralen samarbeidar med Luster ungdomsskule og elevar frå valfag "Innsats for andre" om å pakke inn julegleder. På bilete er Frida Binge (f.v.), Tuva Otterhjell, Anita Kjørlaug, Linda Goldmann, Cecilie Frantzen Skjerven, Johanna Yohana (framme) og Osman Elkazevic.

Stor auke i talet julegleder til barn

I desse dagar førebur Røde Kors sine lokalforeiningar 2136 julegleder til barn i vårt distrikt. Dette er ein trist rekord, med ei auke frå 1597 barn i 2022.

Julegledene skal gå til dei som treng det mest. Det er lokale tenestekontor, som NAV, barnevernet og integreringstenesta som kartlegg behov og melder inn tal barn, alder og kjønn til Røde Kors. I fleire år har talet julegleder til barn i familiar med utfordrande økonomiske levekår auka. Også i Luster er ei merkbar auke i talet barn som skal få juleglede.

- I år har vi ei vanvittig auke, i frå 82 i fjor til 134 i år. Så vi ser jo at det er veldig viktig at vi driv på med det her, seier Linda Goldmann, leiar i Luster Røde Kors.

ff
Gåvene er nøye utvalt etter kjønn og alder. Mange får noko å leike med og noko varmt å ha på seg.

Samarbeidar om juleaksjonen

Ei juleglede kan vere eit gåvekort eller det kan vere ei julegåve, nøye utvalt etter alder og kjønn. Lokalforeiningane løyser det på ulike måtar og mottek økonomisk støtte frå Gjensidigestiftinga, samt Sparebankstiftinga. Nokon får i tillegg støtte frå privatpersonar og andre gjevarar. 

Luster Røde Kors er ein del av ei Juleglede-gruppe i kommunen. Arbeidsgruppa er samansatt av ulike organisasjonar og Luster Frivilligsentral. Arbeidsgruppa Juleglede har mellom anna arrangert juleverkstad og gratis barneteater-forestilling. Desse arrangementa er til glede for alle i lokalsamfunnet, men 134 barn i Luster får ei ekstra glede under juletreet, i form av ei gåve.

Innsats for andre

Til å pakke inn julegåver får gruppa hjelp frå ungdomsskuleelevar som har valfag "Innsats for andre". Elevane har også hjelpt til med å bake kaker og å lage julekahoot til ei av julesamlingane.

- Eg er oppteken av at ungdommane skal få ei oppleving av korleis verkelegheita er. Vi bur i Luster, ein kommune med god råd, men det er nokon som strevar her også, seier Anita Kjørlaug i Luster Frivilligsentral.

Tuva, Johanna, Frida og Osman i 8C er nokon av dei som har hjelpt til med å pakke inn gåver.

- Eg tykkjer det er fint å vite at eg er med å bidra til ein betre kvardag for folk i samfunnet, seier Johanna Yohana.

To unge jenter pakkar inn gåver
Tuva Otterhjell (t.v) og Johanna Yohana tykkjer det er meiningsfult å bruke tid til å hjelpe andre.

Årleg innsats 

Røde Kors har ikkje innsikt i kven som har behov for hjelp til jul og kva gruppe som bidreg til at det er ei auke i behov for hjelp. Det vi veit er at det kan vere ei belastning for barn å vokse opp med vedvarande låg inntekt, og at behovet kjem til å auke for kvart år som prisane aukar.  

- Alt har jo stege, straumen har blitt dyr, renta på lånet stige. Det er klart det kan vere tøft om du til dømes er eineforsørgar og skal klare å halde styr på alt. Så då er det godt at vi kan vere med å hjelpe, sånn at dei vertfall kan ha eit lite lyspunkt i adventstida, som kanskje er litt ekstra sår for mange, seier Linda Goldmann i Luster Røde Kors.

Kvart einaste år gjennomførar Røde Kors sine lokalforeiningar juleaksjonar for å bistå einslege og barnefamiliar med utfordrande økonomiske situasjonar. I år kjenner fleire på at dette er ekstra viktig. I heile distriktet står frivillige på for at barn skal ha noko å glede seg over i jula. 

- Det har nesten blitt tradisjon. No har eg drive på med det her i snart 15 år, så det blir ikkje jul utan å vere med i Juleglede, seier Linda.

Hjelp oss å hjelpe - Bli støttemedlem!