Opplevingar saman
Førde Rød Kors Omsorg inviterar til opplevingar saman, denne gangen på Nikolai Astrup-utstillinga "Mine henders gjerningar" på Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Agna Øvrebø (91) er ei av dei som er med når Førde Røde Kors inviterar til kulturopplevingar. Spesielt etter ho slutta å køyre bil sjølv, betyr det mykje for ho å få denne mogelegheita til å komme seg ut.
- Det er fantastisk at Røde Kors tek oss med på sånt. Det er veldig vakkert å vere med på. Eg tykkjer stadig eg lærer noko om bildande kunst og lydkunst, seier Agna.
Fleire opplevingar i månaden
Agna har hatt eit aktivt liv både i yrket som anestesisjukepleier, men også på fritida. Ho har vore revy-artist og har songe i kor.
- Eg var i ein situasjon der koret eg har songe i sakte men sikkert døydde ut og eg mista eit tilbod eg har hatt i 70 år. Så då eg høyrde om Røde Kors sitt tilbod, så berre hoppa eg på, fortel Agna.
Førde Røde Kors Omsorg inviterar mellom anna til teaterforestillingar, utstillingar og kino. Det er mellom tre og fire ulike opplevingar dei eldre kan vere med på i månaden. Besøksvenene er med og støttar og hjelper til med henting.
- I heile fjor var eg med, og i år har eg vore med. Det betyr mykje å komme seg ut å få litt impulsar. Før sette ein seg i bilen og var med på det ein ville, men no må ein følge litt med for å få vite kva som skjer, og det må ordnast med sjåfør. Så når det er noko så fantastisk som Røde Kors som gjev oss desse tilboda så er det heilt storarta, seier Agna.
Aktivisering betyr mykje
I rapporten "Glemt i eget hjem", som Røde Kors lanserte i fjor, kjem det fram kor viktig det er å skape tilbod til eldre heimebuande. Vi vert eldre enn før, og mange lever gode og aktive liv. Undersøkingar tydar på at vi held oss friskare enn før, og mange eldre kan leve sine liv i eigen heim. Likevel mangler det heilskap i tenestene som sørgar for at alle eldre kan leve sine liv heime på ein god og aktiv måte. Mange blir diverre for avhengige av sine pårørande til aktivisering og bistand. Og nokon har heller ikkje pårørande å støtte seg på.
Gosia Van Damme er ein av besøksvenene som har teke med seg sin besøksvert på Nikolai Astrup-utstilling. Gosia meldte seg som besøksven fordi ho var uroa for dei som var aleine under pandemien.
- Eg tenkte på dei som ikkje nødvendigvis har familie i Førde og som var aleine, sånn som han eg besøker, han har sin familie i Oslo, fortel Gosia.
Gosia sin besøksvert bur på Omsorgssenteret. Dei tilsatte der ser at besøka gjer godt, og at det er ein meir glad bebuar som kjem heim etter å ha vore ute.
Kaffi og prat motverkar einsemd
Heile 49 prosent av dei som har svart på undersøkinga i rapporten "Glemt i eget hjem" og som går på heimebesøk trur at den dei besøker ofte er einsam. 43 prosent trur at dei er det av og til. Dette syner at så mange som 92 prosent av besøksvenene trur besøksverten er einsam i ein eller anna grad. Det kjem også fram at 30 prosent av dei eldre saknar kontakt med andre menneske, og saknet aukar med alderen.
I etterkant av kulturopplevinga vert det alltid servert kaffi og noko å bite i. Denne gangen har Kunstmuseet diska opp med riskrem. Praten går lett rundt bordet, og det er mange smil å sjå.
- Eg er veldig glad i menneske og her møter ein folk, seier Agna med eit stort smil.
Sjå videoen frå opplevinga: