231806_Til topps_2-påtoppen

"Til topps" for meistring, glede og felleskap

118 deltakarar frå (nesten) heile verda var med då Røde Kors i Sogn og Fjordane arrangerte "Til Topps" i nydeleg solskin.

- Svein Rune! Svein Rune! Svein Rune!

Ein smilande gjeng sit på toppen av Svinestranda (1074 moh) og heiar på turleiar, mentor og kamerat, Svein Rune Myklebust som kjem hakk i hel. 

Årets "Til Topps" var lagt til Nordstranda i Gloppen, der deltakarane fekk høve til å gå kortare turar i Trivselsskogen eller ein lengre tur til toppen av Svinestranda. 

Med "Til topps" ønskjer Røde Kors å gje eit turtilbod til immigrantar, asylsøkjarar, innvandrarar og flyktningar i Sogn og fjordane. 80 av deltakarane på årets "Til topps!" er frå Eid. For kvart år er det fleire og fleire frå Eid som vil vere med. 

6 spreke gutar i skogen
Denne gjengen har reist ekstra langt for å vere med til topps. Dei har flytta frå Eid og austover for å studere, men kunne ikkje gå glipp av årets "Til topps". Dei tok også med seg ein kamerat med stort kamera som ikkje har vore på fjelltur før. På bilete: Yazan Eyad, Ghaith, Naser, Adnan og Mukhtar.

Meistring og fellesskap

Ein gjeng som har flytta frå Eid til Austlandet for å studere, kunne ikkje gå glipp av årets store høgdepunkt. Dei har tatt turen vestover for å vere med Røde Kors til topps, og for å vere saman. Dei har lånt telt og anna friluftslivutstyr frå BUA og har lagt opp til nokon dagar og netter i vestnorsk natur. Dei har også med ein kamerat frå Lillestrøm som aldri har vore på fjelltur før.

Når Røde Kors arrangerar "Til topps" er målet å bli betre kjent og kanskje meir integrert gjennom å oppleve meistring saman i norsk natur. Frivillige frå Røde Kors og deltakarar går saman på ein fjelltur i passande tempo og fører samtalar på norsk på vegen opp. Ungdommane frå Eid tykkjer at passande tempo er å gå så fort som mogeleg, og samtalane lyt til tider vente til pausene. Men ein ting er dei opptekne av, alle skal med og dei ventar på kvarandre. Meistringskjensle og fellesskap, det får dei verkeleg kjenne på!

Ei stor gruppe på toppen av fjellet
Ein god gjeng kom seg til toppen. Det var frivillige og deltakarar frå Sogndal Røde Kors og Eid Røde Kors.

Endeleg godvêr

Dei to siste åra "Til topps" har vore arrangert har vêret vore grått og vått. Mohamed Adam var med i fjor, i vind, regn, skodde og hagl. Då sleit han seg til topps, men i år gjekk det leikande lett.

- Det var litt slitsamt, men ikkje like slitsamt som i fjor. Det var kjekt at gutane var med og at vi gjekk saman og venta på kvarandre, fortel Mohamed Adam.

Mørk mann med flagg frå Sudan
Gjengen hadde med seg sine flagg til toppen. Mohamed Adam med Sudan sitt flagg.

Svein Rune Myklebust frå Eid Røde Kors er ein av motorane som samlar folk til fjelltur. Han er stolt av gjengen som han også har fulgt opp gjennom å arrangere språkkafé på Eid.

- Det er så kjekt å vere på tur med dei. Desse som har komt eins ærend for å vere med på tur, det er så kjekt. Sjølv om det var dårleg vêr i fjor og året før, så kom dei i år også, for å vere med på tur og for å møte venene sine, som dei kjenner her på Eid, dei har jo budd her i mange år. Det er veldig kjekt!, fortel Svein Rune. 

Sprek eldre mann
Svein Rune Myklebust er sjølv glad i gå på fjellet, og kjem seg til topps sjølv om han har bikka 80 år.

Ghaith Alkhalaf har vore med på "Til topps" då det var eit nasjonalt arrangement der målet var Galdhøpiggen, og han har vore med fleire gongar i Sogn og Fjordane. Han har blitt glad i å gå i fjellet. Denne gangen fekk han ekstra ansvar og var sjølv turleiar for ei lita gruppe. Han er fornøgd med at Sogn og Fjordane synte seg frå si beste side denne dagen.

- Det er ei god kjensle å stå på toppen. Det er slitsamt på veg opp, men då ein har komt opp gløymer ein at ein var sliten, seier Ghaith.

Ei gruppe med glade, yngre innvandra gutar og norsk eldre mann på utsiktspunkt.
Svein Rune og gjengen på utsiktspunktet Fosseteateret ved Holvikfossen. Ghaith som nummer to frå venstre (bak).

 

 

Sjå video frå turen her: