Ein draum som gjekk i oppfylling
- Eg vil ikkje reise heim att, eg elskar dette landet!
Ti ungdommar frå Georgia Røde Kors fekk delta på Humanitært Treff i Hafslo førre helg. Der fekk dei møte ein gjeng norske ungdommar, og ti ungdommar frå UWC. Humanitært Treff er ei ny utgåve av Fylkestreff, med meir fokus på livsmeistring og psykososial førstehjelp.
Sogn og Fjordane Røde Kors har eit samarbeid med Georgia Røde Kors. Samarbeidet er eit så kalla twinning-prosjekt, der føremålet er å styrke Røde Kors lokalt, støtte aktivitet, styrke internasjonal forståing og kunnskap hjå medlemmane - for begge partar.
Rundtur i Indre Sogn
Fredag, før Humanitært Treff kick-off, fekk dei georgiske gjestane vere med på ein rundtur i Indre Sogn. Turen starta i Solvorn, og gjekk vidare med ferja til Urnes, der dei fekk sjå stavkyrkja. Dei fekk sjå majestetiske fossar langs vegen, besøke Turtagrø servicesenter der Luster Røde Kors har depot, og smake bakst frå Lustrabui. Det vart mange nye inntrykk for dei georgiske ungdommane.
Lifeskill-workshop og tradisjonell georgisk mat
På Humanitært Treff på laurdagen hadde dei Georgiske ungdommane ein eigen workshop for dei andre deltakarane, kalla «Lifeskill». Dette handlar om korleis ein skal handtere sine eige kjensler og tankar, og skilje mellom desse. Målet er at ungdommane skal bli betre førebudd på å handtere og tolke vanskelege kjensler og situasjonar.
Den norske og internasjonale ungdommen fekk også høve til å bli kjent med georgisk kultur gjennom tradisjonell mat og dans. Nokre av dei georgiske ungdommane brukte delar av laurdagskvelden sin på kjøkenet for å lage mat til dei andre deltakarane. Dei serverte dei tradisjonelle georgiske rettane khachapuri og khinkali. På søndag vart det tradisjonell georgisk dans i nasjonaldraktene deira.
Draumen var å sjå nordlyset
For 18 år gamle Tatia Meladze frå Georgia var det første gongen ho sette fot i Noreg, og ho fekk ei fantastisk oppleving allereie første kvelden.
- Eg såg nordlyset i går! Folk sa til meg at det ikkje skjer ofte her, så eg trur eg er veldig heldig som fekk sjå det. Det var draumen min å sjå det, og draumen min gjekk i oppfylling, fortel Tatia entusiastisk.
Men det var ikkje berre nordlyset som imponerte Tatia. Norsk natur og arkitektur var også fascinerande for den georgiske jenta.
- Den norske naturen og landskapet er heilt fantastisk, alt er utruleg vakkert. Eg likar dei vakre kyrkjene, arkitekturen, og at husa dykkar er laga av tre, det er så koseleg, seier Tatia.
Nye internasjonale vener
Opphaldet på Lyngmo har også gitt Tatia og dei andre deltakarane moglegheita til å knyte nye venskap, på tvers av landegrenser.
- Det er så moro å vere her, eg har fått internasjonale vener, og møtt mange framande som no har blitt venene mine, seier ho.
Som avslutning på opphaldet i Noreg fekk gjengen frå Georgia reise til Jostedalen og besøke Breheimsenteret. Denne dagen var det deira tur til å smake på litt «tradisjonell» norsk mat, og dei fekk servert kjøttkaker. Det fall i smak!
Tatia oppsummerer opphaldet på Humanitært Treff i Hafslo som utruleg kjekt. Ho er så begeistra for Noreg at ho gruar seg til heimreisa.
- Eg vil ikkje reise heim att, eg elskar dette landet, seier ho og ler.