Bildet viser Hiba i Røde Kors-frivillig-vest.

Hiba kom for å finne tryggleik – no gir ho den vidare

Då Hiba Alnuaimat for første gong kom til Haugland som barn, visste ho lite om kva Ferie for alle skulle bety for henne.

Den gongen kom ho som deltakar saman med familien sin – i dag står ho på som frivillig for å gi andre familiar den same varme, tryggleiken og gleda ho sjølv opplevde. 

Bildet viser Hiba som held to barn i hendene.
Tryggleik, støtte og ekte nærvær. Hiba er ein av mange som gjer Ferie for alle mogleg.

- For meg betyr Ferie for alle nye venskap

Hiba er 20 år gamal frå Florø. Ho deltok første gong på leir saman med familien sin og hugsar godt kor fint det var på Haugland – ein trygg plass der ho fekk prøve nye aktivitetar og møte nye menneske.

– For meg betyr Ferie for alle nye venskap, og å kunne møte mange forskjellige menneske og familiane deira, fortel Hiba.

Nærbilde av ei hand som held eit lite barn si hand.
Ei hand å halde i – akkurat når det trengst.

Allereie frå første leir la ho merke til den gode stemninga og kor til stades dei frivillige var for familiane.

"Eg likte at dei hjelpte til, sjølv om dei ikkje visste kven familiane var eller historia deira", seier ho.

Det gjorde inntrykk. Det var nettopp dette som vekte eit engasjement, og som fekk ho til å melde seg som frivillig sjølv.

Ventar på at påmeldinga skal opne

Hiba er berre 20 år gamal, men har allereie delteke på mange ulike aktivitetar som frivillig i Røde Kors. Ho vore frivillig på fleire leirar, og bidratt til at mange familiar har fått oppleve nokre dagar med pust i bakken, latter og felleskap. Hiba trur ho har vore frivillig på minst tre sommarleirar på Haugland, og ler når ho seier det – ho har mista tellinga.

– Kvar gong eg er ferdig som frivillig her på Haugland, så sit eg og ventar på at påmeldinga for neste år skal opne, seier Hiba og ler.

Jente står på paddleboard på stille vatn, omgitt av grøn natur ved Haugland.
Det er kanskje ikkje så rart av Hiba kjem tilbake kvart einaste år - vakre Haugland er perfekt for å koble av og nyte sommaren.

Stort engasjement

Hiba sitt engasjement strekkjer seg langt utover dei dagane ho er på Haugland. Ho er aktiv i Røde Kors Ungdom, og vart nyleg valt inn i distriktsrådet i Sogn og Fjordane Røde Kors. Der bidreg ho med erfaringar og innsikt – og er ei viktig stemme for unge i organisasjonen.

Hiba si historie er eit sterkt døme på kor mykje Ferie for alle kan bety – ikkje berre for dei som deltek, men også for dei som stiller opp som frivillige. Det handlar om å vere ein del av noko større. Å skape trygge rammer, gode opplevingar og varige minner – saman.

Og ein ting er sikkert: Vi får nok sjå mykje meir til Hiba framover.

– Eg kjem tilbake neste år også, seier Hiba og smiler.

Så snart påmeldinga opnar, er ho klar! Vil du også vere med som frivillig på Ferie for alle?

Bli frivillig her!