Oline spelar spel ilag med ei lita jente.

Dei små tinga betyr mest

Den viktigaste gåva Oline kan gi, kan ikkje pakkast inn. Ho heiter tid. Fem dagar på Ferie for alle viser kor mykje dei små tinga kan bety.

– Eg skal ikkje vere ekspert eller problemløysar.

Det var den viktigaste forventninga Oline hadde til seg sjølv før ho kom til Haugland som frivillig på Ferie for alle.

Nokre dagar seinare går ho hand i hand med ei lita jente mellom aktivitetane. Rundt dei er det latter, leik og familiar som har funne seg til rette.

Ei lita hand held handa til ein vaksen
Hand i hand mot nye opplevingar.

– Nokre gonger er det dei små tinga som betyr mest. Eit smil, ein prat eller ei hand å halde i når noko nytt er uvant, seier ho.

Når ho får spørsmål om kvifor ho vel å bruke litt av sommaren sin som frivillig, kjem svaret utan å nøle.

– Det finst gåver som ikkje kan pakkast inn, og tid er ei av dei. Tenk at litt av di tid kan bli eit minne nokon ber med seg resten av livet.

Oline er 22 år og har vore engasjert i Røde Kors i fleire år, innan fleire ulike aktivitetar. Ho har tidlegare vore frivillig på Ferie for alle, men dette er første sommaren ho deltek på sommarleiren på Haugland i Flekke.

Portrett av Oline med frivilligvest.
Oline er ei av mange frivillige som gir av tida si i sommar.

Full av forventningar

Idet bussane rullar inn på Haugland, fyller området seg med små føter og store forventningar. Barn hoppar ut av bussen og ser seg nysgjerrig rundt før dei finn handa til mamma eller pappa på veg mot innsjekkinga. Ei ny ferieveke er i gang.

Ferie for alle er Røde Kors sitt ferietilbod for familiar som elles ikkje har moglegheit til å reise på ferie saman. I løpet av sommaren blir det arrangert tre sommarleirar på Haugland, med rundt 100 deltakarar på kvar leir.

Gjennom dagane er det alltid noko som skjer. Nokon prøver pil og boge for første gang, andre samlar seg rundt pizzaomnen i bakehuset.

Ei jente held opp eit fat og viser ein liten pizza.
Under opphaldet får alle deltakarane prøve å bake sin eigen pizza.

Men for Oline handlar veka om meir enn aktivitetane.

– Familiane fortener gode opplevingar, ei kjensle av fellesskap, og eit avbrekk frå kvardagen, uavhengig av livssituasjon og økonomi, seier ho.

Meir enn aktivitetar

Det går ikkje lang tid før barna veit kvar dei finn Oline.

Mellom aktivitetane kjem dei springande bort til henne for å halde handa hennar på veg til neste post. Fleire flokkar seg rundt henne, og er ho ute av syne i nokre få sekund, kjem spørsmålet raskt om kvar ho blei av.

Ho smiler, tek dei i handa og går vidare mot neste aktivitet.

Allereie den andre dagen får ho eit smykke av ein av deltakarane.

Ho tek det på med ein gong – og tek det ikkje av seg resten av leiren.

Eit fargerikt perlesmykke heng rundt halsen til Oline.
Ei lita gåve med stor meining.

– Det er alltid fint når barna viser at dei set pris på deg, seier ho og smiler.

Sjølv om Oline er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, understrekar ho at det ikkje er eit krav for å vere ein god frivillig.

– Det handlar om å sjå menneska rundt seg og invitere til leik, samtalar og fellesskap. Målet er at både barn og vaksne skal kjenne seg inkluderte.

Gjennom veka får Oline sjå både barn og foreldre utfordre seg sjølve. Nokre set seg i tube bak båten for aller første gong. Andre finn balansen på eit SUP-brett dei aldri har stått på før.

– Det kjekkaste av alt er å sjå både barn og foreldre som vågar meir enn dei trudde, og gleda over meistringskjensla dei kjenner på, understrekar Oline.

Når det er tid for å reise heim

Fem dagar går fort.

Plutseleg står bussane der igjen, klare til å ta familiane med heim.

Den vesle jenta som gjennom heile veka har funne handa til Oline mellom aktivitetane, spring bort og gir henne ein klem.

Så går ho mot bussen saman med familien.

Etter nokre steg snur ho seg.

Ho spring tilbake.

Endå ein klem.

Og så endå ein.

Før ho går om bord, snur ho seg mot Oline og dei andre frivillige.

– Ha det!

Oline blir ståande att med tårer i auga.

Oline klemmer ein annan frivillig med tårer i auga
Møta gjennom veka set spor. Det blir tydeleg når det er tid for å seie ha det.

Når ho seinare skal setje ord på kva ho tek med seg heim frå veka, kjem svaret raskt.

– Ein reiser heim med så mykje meir enn det ein reiste hit med. Dei ulike menneskemøta gir verdi. Minna varer langt utover ei ferieveke.

Har du lyst til å støtte arbeidet frivillige som Oline gjer? Bli medlem i ditt lokale Røde Kors – og ver med på å gjere slike opplevingar mogleg!

 

Bli medlem!