Inviterer på tur

– Vi vil ikkje at nokon skal sitte åleine og ikkje ha nokon å snakke med. Bli med oss på tur og slå av ein prat! Røde Kors opnar forsiktig opp etter korona-pause.

Røde Kors startar opp att med aktivitet som inneber fysiske møter, etter å ha hatt korona-pause sidan 11. mars. No kan vi møtast ein til ein eller i mindre grupper på opp til fem personar utandørs. Ein må halde avstand og følgje dei vanlege smittevernråda.

– Vi vil ikkje at nokon skal sitte åleine og ikkje ha nokon å snakke med. Bli med oss på tur og slå av ein prat! Folk kan ta direkte kontakt med oss eller kommunen. Vi kjem gjerne og møter folk heime, seier Bjørg Eikum Tang i Sogndal Røde Kors Omsorg.

Bjørg Eikum Tang
Bjørg Eikum Tang er leiar i Sogndal Røde Kors Omsorg, og har med seg 20 frivillige som gledeleg stiller opp for andre.

Til vanleg har Røde Kors i Sogndal og dei fleste kommunane over heile landet, tilbod om sosiale møteplassar som er viktige i folk sitt daglegliv.

– Kafé, besøk på sjukeheimar og omsorgssenter, strikkegruppe, teiknegruppe, songgruppe, trimgruppe – ikkje nokon av dette har vi kunne gjort. Mange som pleidde å vere med her, tenkjer eg har behov for å treffe andre folk og kanskje gå ein tur, seier Eikum Tang.

Menneske = medisin

Omsorgsaktivitetane i Røde Kors, der besøkstenesta er den største, jobbar mot einsemd, for sosial inkludering. I følgje Helsenorge.no syner undersøkingar at rundt 16 prosent av oss er einsame, altså at vi kjenner på eit sakn etter andre folk. I Røde Kors seier vi at den beste medisin for eit menneske, er eit anna menneske. Difor er det så gledeleg at vi kan starte opp att med “medisineringa”.

Ut på tur på gangveg i Sogndal.
Røde Kors kan starte opp att med aktivitet utandørs med maksimalt fem personar, halde avstand og hoste i armkroken.

– Vi prøver å skape eit sosialt miljø som er kjekt og utviklande for alle, som gjev både dei som møter opp og oss sjølv noko. Det hadde vore kjekt om noon ville gå tur med oss, seier Eikum Tang.

Kontakt Røde Kors

Kunne du tenkje deg nokon å prate eller gå tur med, eller kjenner du nokon som kan trenge nokon å prate med? I Sogn og Fjordane har Røde Kors tilbod om nokon å snakke med dei fleste stader. Trykk på knappen nedanfor for å komme i kontakt med næraste Røde Kors. Der kan du etterlyse tilbod om besøksven! Røde Kors har teieplikt.

Kontakt næraste Røde Kors her

Frivillige i Røde Kors har teieplikt og opplæring, og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.

Vil du støtte Røde Kors sin evne til å hjelpe i ditt lokalsamfunn, kan du bli medlem. Kontingenten på 300 kroner går til arbeid med barn og unge, einsame eldre, redningsaksjonar og som støtteaktør for styresmaktene i kriser.

Eg vil bli medlem!