Utanfor dette skredet som gjekk i 2019 vil Røde Kors gjere eit nytt forsøk på å finne den sakna mannen. Vis bildetekst
Utanfor dette skredet som gjekk i 2019 vil Røde Kors gjere eit nytt forsøk på å finne den sakna mannen.

Tek opp att søk i Jølstravatnet

Nesten to år etter ein 55 år gamal mann vart tatt av ras i Jølster, vil Røde Kors søke etter den sakna med sonar og undervasskamera i Jølstravatnet.

Det var 30. juli 2019 at ekstremt kraftig nedbør utløyste ei rekke store ras i Jølster. Eitt av rasa gjekk på Årnes, på sørsida av Jølstravatnet. Vitner såg ein bil bli tatt av raset. Det vart gjort overflatesøk etter bil og førar kort tid etter raset og dagane etterpå. Utan resultat. Det vart også brukt magnetsøkar, undervassfarkost med kamera og sonar utover hausten. Utan resultat.

Planlegger søk
Tom Pedersen og Espen Rysjedal planlegg søket i Jølstravatnet. Birger Fugle, lokalforeiningsleiar i Jølster Røde Kors, er vertskap.

I samråd med politiet og dei pårørande, vil Røde Kors no gjere eit nytt forsøk på å finne den sakna bilføraren, ein 55 år gamal mann frå Jølster. Søket vil foregå i perioden 13. til 16. mai.

– Vårt håp er å kunne gje dei pårørande eit svar. Vi har utstyr til å gjennomføre søket, og difor ønskjer vi å prøve, seier Espen Rysjedal, som er fagleiar for sjøredning i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps.

Sandefjord Røde Kors tok initiativ

Søket kjem etter eit initiativ frå Sandefjord Røde Kors Hjelpekorps. Som einaste Røde Kors-foreining i landet har dei ein såkalla slepesonar. Denne sonaren er spesialbygd for å finne kroppar i vatn. I tillegg har dei ein såkalla undervass-rov, ein fjernstyrt farkost med kamera. Dei ønskjer at deira utstyr og ressursar skal kunne komme til nytte.

2021-05-12_17-25-11_søk_jølstravatnet_
Røde Kors gjer klart utstyret som skal brukast i søket, her utanfor Gjesthalla på Vassenden i Jølster.

Leitinga vil altså vere eit samarbeid mellom Sandefjord og Sogn og Fjordane Røde Kors. Sogn og Fjordane har ei eiga rov-gruppe med pilotar, leia av Rysjedal. Sogn og Fjordane sin rov har, i tillegg til kamera, både  sonar og posisjoneringssystem. Den kan i tillegg gå til 300 meters djupne, mot Sandefjord sine 100 meter. Denne skal mellom anna brukast til å undersøke interessepunkt som slepesonaren til Sandefjord har oppdaga. Saman vil dei ha ulike «auge» på botnen, som dei håpar vil kunne gjere funn.

Røde Kors finansierer søket etter den sakna sjølv.

synfaring
Are Bødal, Espen Rysjedal frå Sogn og Fjordane Røde Kors og Kjell Atle Kjønne, leiar i Sandefjord Røde Kors, er på synfaring på rasstaden.

Vil søke frå båt

Dei næraste dagane vil dei frivillige hjelpekorpsarane til Røde Kors vere i småbåtar på Jølstravatnet og gjennomføre leitinga derifrå. Det er lokale båteigarar som stiller opp med båtar med kalesje, slik at det fungerer å bruke PC og anna utstyr om bord, uavhengig av vêr.

– Så lenge det er håp om å finne, så prøver vi, seier Birger Fugle, som er leiar i Jølster Røde Kors. Han er svært positiv til at det kjem inn frivillige med utstyr som kanskje kan bidra til å få ei avslutting på saka. Saman med andre frivillige i si lokalforeining jobbar han for å legge forholda til rette for at Røde Kors-gjestene skal få gode forhold å jobbe under.

Dei fleste som skal delta i søket var samla på rasstaden onsdag kveld.
Dei fleste som skal delta i søket var samla på rasstaden onsdag kveld.

Pårørande takksame, ønskjer ro

Dei pårørande opplyser at dei er veldig takksame for at Røde Kors vil gjennomføre søket etter den sakna mannen. Dei ber også Røde Kors formidle at dei ikkje ønskjer å bli kontakta av media, men rettar sine spørsmål til Røde Kors.  

Ein ber om at media tek kontakt med Røde Kors pressevakt.

Sette sitt preg på bygda

Aldri har vel nokon i Jølster opplevd eit slikt regnver, med det resultat at fleire titals store jordskred drønna over vegar og gjennom eigedomar. E39, som går gjennom Jølster, vart kutta over av fleire ras. Innimellom sto folk fast, medan det heldt fram å rase rundt dei. Berre på Vassenden vart måtte 160 personar overnatte på det lokale evakueringssenter som Jølster Røde Kors var med å drifte

Ovanfor kan du sjå og høyre kva nokon av dei frivillige i Røde Kors opplevde under og etter ekstremveret i Jølster, 30. juli 2019.