Jølster Røde Kors
Våre frivillige driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte menneske i lokalsamfunnet. Med di hjelp kan me gjere ein endå større innsats for fellesskapet
Vårt mandat
I Jølster Røde Kors har me eit mål om å forebygge og respondere for å redde liv, trygge lokalsamfunnet og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det mest - noko me vart testa ettertrykkeleg på etter raset i Jølster i 2019. Vil du vite meir om kva me gjer i det daglege? Les om aktivitetane våre i menyen under, eller besøk Jølster Røde Kors Hjelpekorps si Facebook-side.
Har du litt tid til overs, og sitt du med eit ønskje om å engasjera deg lokalt? Då har me løysinga for deg. Bli frivillig i Jølster Røde Kors, og føl på gleda ved å hjelpe andre. Eller kanskje du vil bli medlem, og gjere arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte? Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner om du er under 26 år.