Distriktsleiar Synøve Sande på årsmøtet i 2019 Vis bildetekst
Distriktsleiar Synøve Sande yngskjer velkomen på årsmøtet i Sogn og Fjordane Røde Kors. Her framfor årsmøtet 2019.

Velkommen til årsmøte 2020 i Sogndal!

Vi ønskjer alle delegatar, observatørar og gjester velkomne til å planlegge Røde Kors-året 2020 i Sogndal 27. – 29. mars!

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane Røde Kors 2020. Årsmøtehelga vert halde på Quality Sogndal hotell 27. til 29. mars.

Arrangementet byrjar med eit uformelt opningsprogram fredag kveld. Laurdag før lunsj vert det valmøter for distriktsråd omsorg og hjelpekorps, og eigne møter for ungdom og lokalforeiningar. Deretter følgjer sjølve årsmøtet fram til sundag ettermiddag. Vi kjem tilbake til programmet.

Les årsmøtedokument

Kven kan delta?

Kvart lokalråd kan delta med både leiar og nestleiar (to delegatar) i dei respektive valmøta til distriktsråda. I årsmøtet kan lokalforeiningane vere representert med inntil fire delegatar; ein frå lokalforeininga og ein frå kvart lokalråd. Lokale ledd kan ha med observatørar til alle møte. Les "Bestemmelser for valg" (krev pålogging til Korsveien.no).

Marit Kvalen på stand
Smilande rødekorsarar som Marit Kvalen er det stor sjanse for å møte på årsmøtet.

Påmelding og prisar

Pensjonspris for buande gjestar på hotellet (pr. person):
- fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 2.900,-
- fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 2.350,-
- laurdag morgon (rundstykke ved ankomst) – sundag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 2.040,-
- laurdag morgon (rundstykke ved ankomst) – sundag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 1.770,-

Prisar for ikkje buande (pr. person):
Dagpakke laurdag med kaffipausar og lunsj kr. 465,-
Festmiddag laurdag kr 595,-
Dagpakke sundag med kaffipausar og lunsj kr. 465,-

Frist for påmelding er mandag 9. mars.

Distriktsstyret ser fram til eit aktivt og gjevande årsmøte. Velkomen!

Beste helsing
Distriktsstyret
v/Synøve Sande, leiar

Har du spørsmål? Kontakt distriktskontoret her.