Årsmøtet i Førde 2017

Årsmøte i Balestrand

Vi ønskjer alle delegatar, observatørar og gjester velkomne til å sette Røde Kors-kursen for 2018 i Balestrand 6.-8. april!

 

frontbilde_1000_DSC03199
Årsmøtet i Førde 2017

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane Røde Kors 2018. Årsmøtehelga vert halde på Kviknes hotell i Balestrand 6. til 8. april. Arrangementet byrjar med eit uformelt opningsprogram fredag kveld. Laurdag før lunsj vert det valmøter for distriktsråd omsorg og hjelpekorps, og eigne møter for ungdommen og lokalforeiningane. Deretter følgjer sjølve årsmøtet fram til sundag ettermiddag.

Årsmøtedokumenta

Kvart lokalråd kan delta med både leiar og nestleiar (to delegatar) i dei respektive valmøta til distriktsråda. I årsmøtet kan lokalforeiningane vere representert med inntil fire delegatar; ein frå lokalforeininga og ein frå kvart lokalråd. Lokale ledd kan ha med observatørar til alle møte. Les "Bestemmelser for valg" (pdf).

Meld deg på!

Den 19. mars er påmeldingsfrist til årsmøtet.

Avtalt pensjonspris med hotellet for buande gjestar (pr. person):

- fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 2.530,-
- fredag kveld (inkl. program og middag) - søndag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 2.530,-
- laurdag morgon (rundstykke ved ankomst) – sundag (inkl. lunsj) i enkeltrom: kr. 1.690,-
- laurdag morgon (rundstykke ved ankomst) – sundag (inkl. lunsj) i dobbeltrom: kr. 1.690,-

Prisar for ikkje buande (pr. person):

Dagpakke laurdag med kaffipausar og lunsj kr. 425,-
Dagpakke laurdag med kaffipausar, lunsj og middag kr. 845,-
Dagpakke sundag med kaffipausar og lunsj kr. 425,-

 

Velkomen!
Beste helsing
Distriktsstyret
v/Synøve Sande, leiar

Album frå årsmøtet i 2017

 

Har du spørsmål?  Kontakt distriktskontoret her.