UF24-Promobanner

UTAN FILTER

Gratis konferanse om mental helse – av unge for unge.

Røde Kors Ungdom i Sogn og Fjordane inviterer til ein kveld der ungdom og unge får fokus. Vi snakkar ope og ærleg om mental helse. Ingen masker, ingen filter – berre ekte samtalar. Velkomen til Storsalen i Førdehuset 3. oktober kl. 18-21.

På programmet er mellom anna sjølvutviklingsinfluensar Elias Omberg, som er kjent frå Tiktok. Han vil snakke om eige ansvar og korleis komme seg vidare når ting er vanskeleg. Klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri, Inge Nordhaug vil gje råd knytt til korleis ein kan takle usunn psykisk helse, nestleiar i Mental helse ungdom, Vebjørn Leite Olsen vil snakke om korleis usunn psykisk helse er eit samfunnsproblem og prosjektleiar i Norges Røde Kors Eline Garberg vil fortelje om Røde Kors sin innsats for å redusere einsemd og utanforskap hos unge.

Det vert sofaprat med fleire unge stemmer og tankevekkande innlegg, samt kulturelt innslag med dansegruppa Adrenalin, Dans utan grenser Førde og artist og frivillig i Røde Kors, Jostein Vedvik.

Arrangementet er gratis og ALLE er velkomne til å lytte til ærlege og ufiltrerte samtaler. For unge, med unge – men også for foreldre og dei som jobbar med unge eller er opptatt av unge sin kvardag og trivsel. 

oversikt over program
Velkomen til ein kveld der vi snakkar ope og ærleg om mental helse. Ingen masker, ingen filter – berre ekte samtalar.