Årshjul for tilskott 2025
Oversikt over frister for søking av tilskott i Sogn og Fjordane Røde Kors 2025.
Generell oppmoding for alle tildelingar: Send inn refusjonskrav med bilag kvart kvartal heile året til tildeling.sf@redcross.no
OBS! Tildelingar direkte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eigne vilkår. Dei har blant anna ein ordning der ein kan søke når som helst på året, med handsamingstid på 4 veker. Ordninga er opp til 50 000 kr. Her kan ein søke om investering i mindre utstyr/prosjekter/tiltak.
Januar:
Distriktsråda og distriktsstyret handsamar søknader knytt til nasjonale midlar. Tildeling i Søknadsportalen blir gjort i løpet av februar.
17. februar:
Frist å søke tilskott til sommaraktivitetar for barn og unge i søknadsportalen. Aktiviteten må skje i tidsrommet 1. juni til 31. august.
1. mars:
Søknad om tilskott til utstyr og større investering:
Frist 1. mars på https://www.sparebankstiftinga.no (Her kan ein søke om ganske store beløp, så lenge ein sjølv kan stille med minst 50% eigenfinansiering/anna finansiering).
10. april:
Søknad om tilskott til lokale aktivitetar, kursdeltaking og frivilligpleie:
Røde Kors søknadsportal - Midlar kjem hovudsakleg frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Mars – april:
Distriktsråda og distriktsstyret handsamar søknader knytt til lokale midlar frå Sparebankstiftinga. Sparebankstiftinga handsama sjølv søknader om utstyr og investering som har gått til dei.
15. august:
Søknadsskjema for nasjonale midlar 2026 vert opna i Søknadsportalen.
1. september:
Søknad om tilskott til utstyr og større investering:
Frist 1. september på https://www.sparebankstiftinga.no (Her kan ein søke om ganske store beløp, så lenge ein sjølv kan stille med minst 50% eigenfinansiering/anna finansiering).
15. september:
Frist for å søke tilskott til julegleder for barn. (OBS! fristen kan endre seg)
1. oktober:
Frist for å søke nasjonale tilskott via Søknadsportalen for aktivitet i 2026.
1. november:
Send refusjonskrav med bilag til tildeling.sf@redcross.no for pengar brukt hittil.
Dette hjelper oss å unngå store mengder med refusjonskrav i desember, i tillegg til at vi får oversikt på brukte midlar og eventuelle restmidlar som kan kome andre til gode.
OBS! HJELPEKORPS: Støtte til hjelpekorps og etablering av nye 2025 – Endeleg frist for å sende inn refusjonskrav. Om de mangla finansering til det de har søkt om, kan de søke om utsetting på tildeling.sf@redcross.no. Søknaden må innehalde ein finanseringsplan.
15. desember:
Frist for å sende refusjonskrav for tilskott brukt i november og desember.
Unntak gjeld for aktivitet som det går fram av søknaden vert gjennomført berre i desember. Dersom lokalforeininga ventar på faktura som skal vere del av refusjonsgrunnlaget, men som vil kome seinare enn 15. desember, skal lokalforeininga opplyse distriktskontoret om dette i god tid før fristen.
Tilskott som er tildelt lokalforeininga som de ikkje har sendt inn refusjonskrav på, eller som de ikkje har informert om status på innan 15. desember, vil bli omdisponert.
15. januar 2026:
Absolutt siste frist for å sende skriftleg rapport i Søknadsportalen om kva som er gjennomført.
Rapportskjema i portalen vert opna straks du har akseptert vilkåra for tilskotet. Test til calendar: