Odda hjelpekorps

Odda Røde Kors

Vi har aktiviteter innen Hjelpekorps, Besøkstjeneste og Beredskapsvakt. I Odda kan du også bli Beredskapsgiver og bidra til det lokale beredskapsarbeidet med 100 kroner per måned, send TRYGG til 2272.

Adresse
Bygdarbøen 8 Boks 198, 5751 ODDA
Telefon
97485750
E-post
oddarodekors@gmail.com
Leder
Svein Buer
Nestleder
Elen Kolstø Sønstabø

Beredskapsgiver i Odda Røde Kors

I Odda har vi saman måtte takle mange beredskapssituasjonar dei siste åra, og fleire vil det truleg bli i tida som kjem. Vi har måtte takle flaum med store  konsekvensar. Vi har måtte takle ras med stor fare og ulemper for oss alle. Vi har måtte takle skred, både her i sentrum og omkring i kommunen. Skred tar liv, gjer stor skade og skapar frykt.
 
Blir du Røde Kors Beredskapsgiver i Odda vil vi bruke inntektene til opplæring, utstyr og øving. Samtidig vil vi auke fokuset vårt på førebyggande arbeid. Heilt konkret vil vi bruke pengar på å oppgradere og utvide vårt rednings- og beredskapsutstyr. Noko av det vi har er gammalt og det kjem stadig nytt og betre materiell som let oss gjere jobben betre, raskare og tryggare. Vi skal forsterke vår kapasitet innan omsorgsfeltet, slik at vi betre kan bidra overfor dei som er pårørande og dei som til dømes må evakuerast i beredskapssituasjonar. Vi skal også gje born og unge i kommunen eit tilbod om å lære korleis ein tek vare på seg sjølv og andre når krisa skjer. Eg håpar alle i Odda vil hjelpe Røde Kors med å hjelpe alle her i vårt nabolag som kjem i ein  vanskeleg situasjon når noko uventa skjer.

Send TRYGG til 2272, så vil 100 kroner bli trekt frå telefonrekninga di kvar månad, og vi vert enda betre på det arbeidet som tryggar deg.

Beste helsing Svein Buer
Leiar i Odda Røde Kors

Hjelpekorps

Besøkstjeneste

Beredskapsvakt

Beredskapsgiver

Barnas Røde Kors - BARK