Fellesskap i beredskapen

På Bømlo Røde Kors si beredskapsøving var heile det lokale Røde Kors involvert, ikkje berre hjelpekorpset. - Me må ikkje gløyme ressursane me har samla, seier operativ leiar, Thorbjørn Kirkeleit.

 – Det er viktig å hugse alle dei ressursane me har i heile organisasjonen, seier operativ leiar i hjelpekorpset, Thorbjørn Kirkeleit.

Han har nettopp vore med på ei større beredskapsøving i lokalforeininga.

Sjå for deg scenarioet: Ei bru i øyriket Bømlo vert stengt på grunn av uvêr. Ei rekke menneske kjem seg ikkje heim, og mange kjem seg ikkje tilbake frå jobb. Etter kvart går også straumen.

Under øvinga vert sjølvsagt hjelpekorpset kalla inn, i tillegg til beredskapsvakter og besøksvener.

- Me hadde tidleg ein tanke om at me ville ha meir felles beredskapsøvingar i lokalforeininga. Vanlegvis er det hjelpekorpset som står for beredskapstenkinga, men målet vårt er å få det opp på lokalforeiningsnivå, seier Kirkeleit.

For å hjelpe dei veglause i øvinga samarbeida hjelpekorpset med RØFF om å montere eit beredskapstelt i øvinga. Beredskapsvaktene og besøksvener etablerte evakuert- og pårørandesenter. Samstundes tok lokalforeiningsleiinga leiinga også i beredskapssituasjonen.

- Det vart ei veldig bra øving. Me fant ein del læringsmoment, men viste at ei felles øving og eit felles planverk er utrulig viktig, seier Kirkeleit.

Han peikar på at det er fort gjort å tenke at fellesskapet i beredskapen fungerer når ein treng det, men at det er viktig å øve også på det. Det har dei ikkje gjort før.

- Det er viktig å få øvd saman. Å finne ut kven som gjer kva, kven som varslar kven og liknande. Samarbeidet no fungerte veldig bra, folk sette seg ned og snakka saman og diskuterte tinga, og me kom til gode løysingar.

Kirkeleit meiner ein fort kan gløyme dei ressursane som er i andre deler av Røde Kors enn i Hjelpekorpset når det kjem til beredskapssituasjonar.

- Eg trur dei fleste såg at det er meir kompetanse i lokalforeininga enn ein tenker over. Til dømes har ein besøkstenesta, som jobbar med omsorg til dagleg og har masse å bidra med. Beredskapsvaktene bur på staden ein har aksjon på, og har svært verdifull kunnskap om kvar ein finn fram, kven ein kan spørje om hjelp og anna.

Kirkeleit meiner eit samarbeid rundt beredskapsøvingar er noko fleire lokalforeiningar burde gjere.

- Det er viktig å sjå at me kan samarbeide på tvers av aktivitet, og at me er eitt Røde Kors. I tillegg trur eg det kan vere viktig for ein del i besøkstenesta og beredskapsvakter at ein faktisk kan verte kalla ut i ei krise.