En munter samling ungdommer med flerkulturell bakgrunn rundt lunsjbord til multimix aktiviteten i Røde Kors.

Mangfaldig mingel på Multimix

Det siste året er det starta opp 5 Multimix-grupper i Hordaland. På Røde Kors Ungdom sin fleirkulturelle møteplass får unge ein stad å vere sosiale og møte nye vener frå heile verda.

- Mar-ha-ba?

- Ja! Det betyr hei.

Arabiske glosar er skrivne opp på eit ark på bordet mellom fat med pepperkaker, seigemenn, non stop og melisglasur. Osama, Hamody og Marius gjentek orda og ler litt av forsøka på å uttale dei.

Kvar tysdag er det Multimix i Røde Kors-huset i Bergen. Denne tysdagen vert det pynta pepperkaker og laga graut. Andre gongar står bowling på programmet, ein tur til Fløyen eller andre ting deltakarane og dei frivillige finn på. Det viktigaste er å vere saman, ha det kjekt og bli kjent med nye menneske frå heile verda.

- Me gjer eigentleg det me har lyst til, men har det alltid veldig kjekt, seier leiar for Multimix i Bergen, Judith Åshild Løvgren Auestad.

Multimix i heile distriktet

I løpet av det siste året er det starta fem nye Multimix-grupper i Hordaland: Kvinnherad, Bømlo, Stord, Sund og Askøy. På det fyrste møtet i Bømlo Multimix i byrjinga av desember kom det over 20 stykker! Det viser tydeleg at dette er ein aktivitet med gode framtidsutsikter, som det er eit stort behov for.

FULLT HUS: Oppstartsmøtet for Multimix i Bømlo var ein suksess.

I tillegg til å vere eit sosialt tilbod til unge, er Multimix ein viktig stad for integrering. For mange kan Multimix fungere som ein god arena til å øve på å snakke norsk og ein veg til eit sosialt nettverk som ny i Noreg. Ved å berre vere saman får Multimix-deltakarane ei unik innsikt i andre kulturar og språk.

Alltid Røde Kors

Sidan Osama og Marius kom til Noreg for litt over eit år sidan, har dei rukke å vere aktive i tre forskjellige lokalforeiningar i Røde Kors. På fyrste stopp, i Kristiansand, var dei med på å organisere donerte klede og gåver på

asylmottaket. Då dei kom til Husnes vart Kvinnherad Røde Kors

«heimeforeininga», og dei var med på å starte opp Multimix der i sommar. No har dei flytta til Bergen, og fant raskt fram til Multimix her også.

- Det er fint å vere frivillig, og alltid noko å gjere saman med andre, seier Osama.

I videosnutten får du sjå litt meir av Multimix sin aktivitet:

Vi du gjøre en forskjell i ditt nærmiljø? Bli frivillig! Lukk x