Treningsturar - Galdhøgpiggen 1.Juli 2017

Lavterskelgruppa har starta opp med treningsturar kvar onsdag til og med 28. juni før vi (innvandrarar og frivillige) skal til toppen av Galdhøpiggen 1. juli.

Det er satt opp turprogram for dei som skal vere med Til Topps til Galdhøpiggen 30.juni-01. juli. Andre er også velkomne med på tur (Obs- påmelding dagen før om du ikkje har bil/ved båt).

Fokus er trening på å gå tur i naturen og vi tilpassar tempo etter gruppa. I tillegg er dette sosiale og kjekke turar. Turmål kan bli endra pga. vêret.

Ta med litt mat og drikke, varme og tørre klede og gode sko. Vi går tur i all slags vær!

Onsdag 31.mai Kl. 1700 - Idrettssenteret Terdalskeipen (bil)

Onsdag 07.juni Kl. 1530 - Florø Kai Askrova (båt)

Onsdag 14.juni Kl. 1700 - Idrettssenteret Hatlesetnipa (bil)

Onsdag 21.juni Kl. 1700 - Euro Spar Krokane Osastøylen (bil)

Onsdag 28.juni Kl. 1530 - Florø Kai Kinn (båt)

Fredag 30.juni Busstasjonen i Florø Til Topps på Galdhøpiggen (busstranport)

Påmelding til turane om ein ikkje har eigen bil og på turane til Askrova og Kinn (maks 12 plasser).

Følg med Flora TurlagFacebook og Heimesida

Barn i nød trenger din hjelp Bli fadder! Lukk x