Førde Røde Kors Hjelpekorps under NM

Førde på 6. plass i NM hjelpekorps

Dei hadde berre øvd saman som lag tre gonger. Og tre av dei fem deltakarane vart godkjente hjelpekorpsarar i sommar, to av dei er berre 18 år gamle. Likevel klarte lagleiar Tine Hjelseth Larsen å lose gjengen på fem inn til ein sterk sjetteplass i norgesmeisterskapen for hjelpekorps.  

– Med så lite erfaring samanlikna med mange av dei andre laga, tykte eg det var veldig bra med ein sjetteplass. Dette var kjekt, seier Larsen.  

Sjølv har ho delteke i NM to gonger tidlegare, jamvel vunne NM saman med Sør-Trøndelag i 2015. Så ho visste kva konkurransen kravde. Ein må vere veldig tydeleg, sei alt ein gjer høgt og gjere grundige undersøkingar. Så om over halve laget hadde lite erfaring, så hadde lagleiar ikkje det. Som NM-vinnar har ho representert Norge i EM. 

IMG_6927
Laget til Førde Røde Kors Hjelpekorps, frå venstre: lagleiar Tine Hjelseth Larsen, Milad Dean, Daniel Høyer Iversen, Robert Risnes og Are Bødal. Foto: Adam Dean.

 

NM for hjelpekorps er delt opp i to, først ei nattorientering. Derkom laget frå Førde i mål som nummer to.  

– Eg og ein anna på laget driv litt med orientering utanom. Eg tykte løypa var litt i enklaste laget. Då gjaldt det mest å halde oppe farten. Undervegs var ein av postane vi skulle innom, søk etter sakna person. Vi sette fort i gong med såkalla sti-søk med flanke og fann den sakna rimeleg raskt. Vi låg om lag likt med Hordaland inn mot mål, men sprang i frå dei på oppløpet. Det var kjekt, seier ho.  

IMG_6673
Laget frå Førde lyktes godt i å ta vare på dei "skadde". Foto: Adam Dean.

 

Dag to av NM er ei ringløype med ti postar, oppgåver med førstehjelp og hjelpekorpsfag. Først og fremst å handtere ulike ulykker og sjukdomar med førstehjelp, men også hjelpekorpsoppgåver som å sette opp terminal for Nødnett, bruke kasteline, orientere og anna.  

 Eg vil bli hjelpekorpsar!

– Vi prøvde å løyse det best mogelegsomeit lag. Gjennomgåande var vi rundt sjuande beste lag på dei ulike postane, men på den siste hadde vi høgast poengsum av alle lag. Der var det ein mann som hadde kappa av seg foten med motorsag, veldig realistisk, for markøren mangla eit bein på ekte. Det var storblødning som vi lykkast med å stoppe fort. Då hadde vi fått dagen på oss til å øve saman, så vi hadde også blitt godt samkøyrte, seier ho.  

IMG_6407 1
Lagleiar Tine Hjelseth Larsen passar på å notere det som skjer undervegs på påstane, så ho til dømes kan gje gode beskjedar til "AMK". Foto: Adam Dean.

Ho tykkjer det er kjekt å konkurrere, men først og fremst er slike konkurransar god øving, førebuing på verkelege hendingar. Slik gjev NM motivasjon til å trene meir.  

– Dei som var med på vårt lag, har blitt betre på førstehjelp ved å delta, meiner ho.  

IMG_6815
Førstehjelpsansvarleg i Sogn og Fjordane Røde Kors, Are Fagerli, deltok som dommar. Foto: Adam Dean.

I år hadde ikkje Sogn og Fjordane Røde Kors distriktsmeisterskap for hjelpekorps. DM fungerer som ei uttaking til NM. Førde Røde Kors Hjelpekorps undersøkte difor om dei kunne representere fylket under NM, og det kunne dei.   

– Vi har allereie snakka om å stille lag til NM neste år, men då hadde det vore kjekt om Sogn og Fjordane klarte å arrangere eit DM først. Då får vi øvd oss enno meir, seier ho.

Gå til Førde Røde Kors

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler