Førde Røde Kors hjelpekorps deltek på kvalifisert sjøredning. Foto: Førde Røde Kors. Vis bildetekst
Førde Røde Kors hjelpekorps deltek på kvalifisert sjøredning. Foto: Førde Røde Kors

Førde Røde Kors

Førde Røde Kors driv humanitære aktivitetar innan sosial inkludering, migrasjon og rednings- og beredskapsarbeid. Vi tilbyr også førstehjelpskurs, sanitetsvakter og leiger ut Røde Kors-hytta.

Adresse
Langebruvegen 28, 4. etg., 6800 FØRDE
Telefon
90780188
E-post
post@forderodekors.no
Leder
Norvall Nøringset
Nestleder
Bjørn Egil Sunde

Vårt mandat

Røde Kors Førde har som hovudføremål å avdekkje, hindre og lindre naud i lokalsamfunnet. Gjennom våre humanitære aktivitetar håpar vi å nå menneske som på ein eller annan måte treng selskap, tryggleik eller hjelp. Vil du vite meir om kva vi driv med i det daglege? Sjå aktivitetsmenyen nedst på sida, eller besøk våre Facebook-sider. Du kan òg kontakte oss direkte.

Her finn du Facebook-sida til:

Førde Røde Kors.
Førde Røde Kors Hjelpekorps.
Førde Røde Kors Ungdom.

Som den største lokalforeininga i distriktet har vi eit delvis bemanna kontor i fjerde etasje i Røde Kors-huset, som ligg i Langebruvegen 28, midt i Førde sentrum. Alle som måtte ha noko på hjartet, er velkomne i opningstida.

Opningstider:

Måndag og onsdag frå 10.00–14.00
(Med atterhald om avvik enkelte dagar.)

Mennesker kaster livlinjer ut i sjø, kveld
Fra kurs i "Kvalifisert søk og redning", Nesholmen 2019. Foto: Førde Røde Kors.

Vil du engasjere deg i Røde Kors? Som frivillig kan du delta aktivt og føle på gleda ved å hjelpe andre. Som medlem gjer du arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg som er under 26.

Ressursgrupper i Førde Røde Kors