Ferie for alle, Stryn Fritidssenter

Billett til dei som har minst

– Det er normalt at folk reiser på ferie. Viss vi aldri gjer det, føler vi oss utanfor. Det er viktig å kunne føle seg som resten av samfunnet. Difor gir vi dette tilbodet, seier Berit Flæthe Arntsen.

Det er glirande vinter. Deltakarane på Røde Kors sin ferieleir «Vinterferie for alle» har fått på seg ski og er på tur i løypa høgt over Nordfjorden. Slik tur med sekk og matpakke og spade og quiz-plakatar som heng på greiner.

– No har vi litt skileik, tek ein pause og et nista før vi snur og går tilbake. Mange av gjestene har aldri gått på ski før, men det går bra, dei er veldig flinke. Eg er spesielt imponert over ungane. Etter ein time på ski, ser det nesten ut som dei ikkje har gjort anna, sjølv om det er første gongen, seier Flæthe Arntsen, som er frivillig leirsjef.

Utvida tilbod

Tilbodet er eit supplement til ferieleirane Sogn og Fjordane Røde Kors arrangerer på Haugland kvar sommar. Der er kapasiteten sprengt.

Deltakarane er valt ut av det kommunale tenesteapparatet rundt i kommunane. Barna høyrer til ei veksande gruppe, nemleg barn i låginntektsfamiliar. Berre dei siste ti åra har gruppa auka med 50 prosent her i fylket. Frå 4,7 prosentpoeng i 2006 til 7,3 i 2016. Statistisk sentralbyrå definerer gruppa med at dei har mindre enn 60 prosent å rutte med av det folk flest har, over dei tre siste åra. Mange tal, men kjenneteiknet for familiar i ein slik livssituasjon, er at dei ikkje kan unne seg fleire ting folk flest tykkjer er nødvendig for å ha akseptable levekår.

– Her kan dei som ikkje har økonomi til å reise på ferie få ei oppleving. Det gir dei noko positivt, og noko dei kan fortelje om når dei kjem tilbake på skulen. Alle er smilande og blide, så reknar med at gjestene har det bra og kosar seg, seier Flæthe Arntsen.

Meistringsglede

Tilbodet legg opp til høgt aktivitetsnivå, mest mogeleg utandørs, mest mogeleg saman. Slik ønskjer Røde Kors også å legge til rette for å styrke familiebanda. Dessutan skal all aktiviteten gje meistringsglede.

I tillegg til to tilsette aktivitetsleiarar ved Stryn Fritidssenter, er det sju frivillige frå Røde Kors som skal bidra til at deltakarane har det bra. Skape tryggleik og fellesskap. Leirsjefen utdjupar:

– Vi skal vere med i aktivitetane, hjelpe dei som treng hjelp til å gå på ski til dømes. Aktivisere ungane og kanskje dei vaksne. Kanskje hjelpe dei å få tørka kle og hjelpe til med fellesmåltida, seier ho.

I alt 13 familiar deltok på opphaldet, av dei var 32 barn og 20 vaksne. Det var kommunane Selje, Årdal, Vik, Gulen, Balestrand, Fjaler, Høyanger, Jølster og Stryn som nytta seg av mogelegheita til å søke om plass på dette tilbodet, som er gratis for deltakarane. Ferie for alle er i hovudsak finansiert av Bufdir (Barne- ungdoms- og familiedirektoratet) og Sogn og Fjordane Røde Kors sitt reiselotteri.