Ført saman av Røde Kors

Frå to forskjellige kontinent. Ein norsk siviløkonom. Ein flyktning frå Sudan med grunnskuleutdanning. No perlevener. Les korleis ordninga med flyktningguide førte dei saman.

– Eg opplevde at vi vart vener veldig fort. Allereie første gongen vi møttest, snakka vi om mykje, lo saman. Barna var med, og dei heldt hender og sprang av garde med ein gong. Deira gode kjemi smitta kanskje? Vi har forskjellig bakgrunn, men vi har det gøy saman, seier Beate Grønnevik. 

Eg lurte på korleis eg kunne snakke med ho, men etter å ha møtt ho, vart eg svært glad. Ho er veldig snill, seier Rasa Jaber Omar. 

Opp av sofaen   

Spol tilbake til 2015! Flyktningkriser ute i verda nådde Norge sterkare enn nokon gong. Både i tal flyktningar som kom hit, men også sterke TV-bilder. I Firdaposten kunne Grønnevik lese ei oppmoding frå Marit Gjerstad og Silje Jansen Nybø om å komme seg opp av sofaen og gjere litt nytte for seg lokalt. Fordi flyktningane alt var her.  

– Då tok eg kontakt med Røde Kors. Først fekk eg masse fine kurs for å bli flyktningguide. Førstehjelp, psykososial førstehjelp, fleirkulturelt arbeid. Det var veldig spennande. Etterpå var det Siri Stavang i frivilligsentralen som meinte at Rasa og meg var ein god match. Eg trur ho gjorde ein veldig grundig jobb der. Det er jo vi veldig glad for. Slik kom eg med i det, seier Beate. 

Rasa vaks opp i Darfur, ein krigsråka del av Sudan. FN trur at så mange som tre millionar menneske har måtte flykte sidan konflikten braut ut i 2003. Nær 300.000 har mist livet. 

– Dei drap kvarandre i Darfur, så til slutt måtte eg reise, fortel ho 

Ho ristar på hovudet og ser ned. Ho ønskjer ikkje å huske detaljar frå kva som skjedde. Det er for vondt.  

Ho og ektemannen venta barn då dei bestemte seg for å dra. Først kryssa dei Sahara gjennom Sudan og Libya, ei reise på nesten 3000 kilometer. Deretter kryssa dei Middelhavet til Italia i ein skrøpeleg båt. Derifrå tok dei seg vidare til fots, i lastebil, i personbil, før dei hamna på asylmottak i Førde for fem år sidan.  

Hjartet i Florø.  

– Etter åtte månader fekk vi opphald og flytta til Florø. Det er ein fin stad. Eg likar Florø. Eg går på norskkurs. Etter det håpar eg å ta vidaregåande skule og studere helse, slik at eg kan bu og jobbe her.Eg vil ikkje flytte herifrå, eg har fått mange vener her, seier ho, og gløttar bort på Beate.

Dei to vart ført saman av Røde Kors og Flora frivilligsentral for eit år sidan, og har møttest jamt etter det. Rolla som flyktningguide er å vere ein slags døropnar. Hjelpe flyktningen med å forklare korleis ting heng saman. Introdusere til aktivitetar, menneske, kultur.  

– Beate har synt meg mange ting. I fjor tok vi med ungane og sprang barneløpet i Rett vest. Dei fekk medalje, det var veldig gøy. Vi går tur og matar fuglane. Vi har vore på babysang og møtest ofte, seier Rasa. 

– Florø-ting. Det har vore viktig for meg å syne ho Florø-ting. Som på 17. mai. Eg prøver å forklare kva vi gjer. Dei som ikkje er herifrå veit jo ikkje det. Til dømes at klokka fire ser alle på borgartoget. Det er ikkje så lett å finne ut av ting ein ikkje veit om, seier Beate. 

Det er ikkje så lett å finne ut av ting ein ikkje veit om.

Ho fortel også at meininga med å bli flyktningguide var at ho skulle hjelpe nokon på plass i Florø. Kva ho eventuelt skulle få tilbake, hadde ho ikkje så mange forventningar til 

 

Venskap i bonus 

– Det er ikkje einvegs. Eg har fått eit veldig fint venskap som ein enorm bonus. Dotter mi har fått eit fint venskap. Og så lærer eg mykje. Eg kan til dømes sende ei melding om vi skal ete, og få til svar at "nei, det er ramadan". Då får eg lyst i å sette meg inn i det og lære meir. Og så får eg høyre hennar syn på diskusjonar som går, til dømes om Hijab. Ho fortel at ho likar det, at ho har valt det sjølv. Det er interessant å høyre frå ein det gjeld, seier Beate.  

Beate har vakse opp og tatt utdanninga si i Norge og Danmark. Ho har jobba i Bergen, Oslo, Stockholm, India og no til sist i Florø. Rasa har vakse opp i eit land prega av mangel på stabilitet. Ho har halvparten så mange år på skule som Beate, og har brukt mykje av sitt vaksne liv på å flykte, på asylmottak og i integreringsprogram. Dei opplever ikkje denne openberre forskjellen i bakgrunn og levesett som eit hinder for venskap.  

Det er lett å finne tonen, seier Beate, som også rosar flyktningguideordninga, som førte dei saman. 

– Eg synest opplegget bak det er veldig profesjonelt, med klare reglar når vi startar. Det gjer at vi begge går inn i ordninga på likt grunnlag, sjølv om vi er ulike. For ekesmpel kan vi ikkje gje kvarandre gåver.Avtala er for eitt år. Når vi er ferdige får vi velje om vi skal møtast. Då kan ein slutte, utan at det vert knytt negative kjensler til det. Det er eit viktig bakteppe; ein kan senke skuldrane, seier ho 

Rasa nikkar. Ho er svært takksam for tilbodet ho har fått.  

Bli flyktningguide du også!

Flyktninguiden gjev meg til dømes praksis i språk, seier ho.  

SMS-læring 

– Ja, du lærer også litt når vi sender sender SMS til kvarandre. Du svarar godt, skriv lenger og lenger meldingar og skriv rett. Du gjer ein veldig god jobb med språket, seier Beate. 

– Flyktningguide er ein frå Norge som snakkar med meg, ringer meg, fortel om Norge og syner meg aktivitetar. Introduserer meg. Alle utlendingar burde få eit tilbod om flyktningguide, seier ho.  

Beate fortel at ho har enorm respekt for det Rasa og andre flyktningar gjer, det harde arbeidet dei legg ned for å finne sin plass her.  

– Det er heilt forferdeleg at så mange menneske er på flukt og ikkje kan bu i det landet dei ønskjer grunna krig og uro. Hadde eg vore i ein slik situasjon, hadde eg gjort det eg kunna for at mine barn skulle få ein god oppvekst og mogelegheit til å gå på skule, seier Beate. 

Gjev seg ikkje 

Året med flyktningguide er over for Rasa, Beate er ferdig med rødekors-oppdraget. Likevel var det ikkje noko tvil, dei held fram med å møtast som privatpersonar, som vener.  

– Vi har blitt vener på ekte. Vi kan ikkje gje oss no, avsluttar Beate.