Bli med på førstehjelpsløftet!

Det hjelper ikkje deg. Stoppar hjartet ditt, hjelper det ikkje å kunne førstehjelp. Men du er heldig om den som finn deg, kan det.

Å lære seg førstehjelp kan fort bli den beste investeringa du nokon gong har gjort. Ikkje for deg sjølv, men for andre. Anten du tek bussen, er på jobb, eller du har middagsbesøk ein heilt vanleg tysdag – førstehjelpskunnskap kan vere livsviktig.

Og det er lett å lære. Berre det å forstå at nokon treng hjelp og ringe naudnummeret 1-1-3 kan vere nok. Men ambulansen tek si tid. Anten den kjem om fem eller femti minutt, kan det vere behov for å gje livreddande førstehjelp i mellomtida.

Lær meir her!

Mange torer ikkje

Om lag 3000 personar her i landet får årleg hjartestans utanfor sjukehus. Samtidig syner ei fersk undersøking Respons Analyse har gjort for Røde Kors at berre fire av ti seier at dei tør å sette i gang med livreddande førstehjelp i dei mest vanlige situasjonane der førstehjelp kan redde liv.

Difor treng vi eit førstehjelpsløft. Mange kan bidra til at fleire lærer, øver og torer å utøve førstehjelp. Foreldre, handballtrenarar og arbeidsgjevarar er alle døme på folk som kan legge til rette for å betre livreddande kunnskap i befolkninga. 

Som arbeidsgjevar kan du vurdere å gje dei tilsette tilbod om førstehjelpskurs. Ein slik aktivitet er ikkje berre livsviktig, men også populær. Så mange som åtte av ti er positive til å gjennomføre førstehjelpskurs i regi av jobben.

Barn kan lære

Dersom du er forelder, kan du snakke med barnet ditt om korleis ein kan hjelpe andre. Du kan oppmode barnehagen din om å nytte Røde Kors sine gratis opplæringssett i førstehjelp for barnehageborn. Barn som får opplæring i grunnleggande førstehjelp vil ha eit meir naturleg forhold til å ta ansvar seinare.

Last ned Røde Kors sin effektive førstehjelps-app. Har du ansvar for ein hjartestartar, registrer den på nettsida 113.no, så den lettare kjem til hjelp om nokon får hjartestans i nærleiken. Og for dei som får ei alvorleg skade, av brann eller andre ulykker, kan vi også gjere noko – gje blod! Å gje blod reddar liv, og gjev tryggleik for alle.

Øving = tryggleik

Tryggleik kjem altså som eit resultat av dugnad. Men dugnaden er ikkje over med kurset. For å tore å utøve førstehjelp, må vi halde kunnskapen ved like. Øve, repetere. Neste gong kan det vere ein som står deg nær som treng hjelp. Då er det bra om du torer å hjelpe.

Vil du vite meir om førstehjelp, klikk på lenka "Lær meir her!" ovanfor!

Barn i nød trenger din hjelp Bli fadder! Lukk x