Fortenestemedalje til Are Haavard Fagerli

Etter 40 års innsats i Røde Kors er eidaren Are Haavard Fagerli framleis i front, som leiar i Eid Røde Kors og instruktørleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps. I dag fekk han medalje.

Det var høgtideleg stemning då visepresident i Norges Røde Kors Kors, Mortel Støldal, overrekte Norges Røde Kors Fortenestemedalje til Are Haavard Fagerli frå Eid Røde Kors.

are haavard fagerli takk_1000_IMG_2841
Are Haavard Fagerli takkar for æra.

 

I grunngjevinga til Komiteen for heidersteikn i Norges Røde Kors heiter det at:

Fagerli har vore aktivt medlem i Røde Kors og Røde Kors hjelpekorps i over 40 år. Han har hatt ei rekke tillitsverv lokalt i Eid og på fylkesplan i over 30 år. Are har mellom anna vore leiar både i lokalforeinings- og hjelpekorpsstyret i fleire periodar på 1980- og 90-talet, og er i dag nyvald leiar i Eid Røde Kors. 

Are Haavard Fagerli_portrett_1000_IMG_2816
Are Haavard Fagerli er leiar i Eid Røde Kors.

På fylkesnivå har han vore vara til distriktsråd  hjelpekorps i 2003 - 2005, medlem i prosjektgruppe for internasjonalt distriktssamarbeid 2004- 2007, Instruktørleiar for Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps frå 2012 fram til dags dato. Fagerli har vore sittande hovudsensor i  opplæring i Sogn og Fjordane Røde Kors frå 2016 til dags dato. 

Are Haavard Fagerli har spesielt engasjert seg i kurs og opplæring. Han har lagt ned ei eineståande innsats for opplæringa og instruktørmiljøet i Sogn og Fjordane Røde Kors, og gjennom dette også utviklinga av tillitsvalde og frivillige i heile distriktet. Fagerli er ein engasjert, oppdatert og framsynt frivillig som er open for, og ser alternative innfallsvinklar og nye måtar å løyse ting . Han ser viktigheita av at det vert lat godt til rette for at også godt vaksne frivillige skal oppleve opplæringa i Røde Kors på en god måte, og samtidig at opplæringsaktiviteten er tilpassa de yngre, slik at dei opplever Røde Kors som attraktivt.

Arne Løland Are Fagerli_PB250285_1000
Are Haavard Fagerli saman med kursholdar-kumpan Arne Løland på eit instruktørkurs i 2017.

Han har også engasjert seg aktivt i distriktssamarbeidet med Narva Røde Kors i Estland, der med fokus på opplæring og utveksling. Han har tidlegare teke imot Fortenestediplom med nål i 2005. 

Sogn og Fjordane Røde Kors distriktsstyre støtta søknaden heilhjarta, og anbefaler Are Haavard Fagerli som en særs verdig mottakar av dette heidersteiknetfrå Norges Røde Kors. 

Komiteen sitt vedtak:
Norges Røde Kors komite for ærevisingar tildeler Norges Røde Kors Fortenstemedalje til Are Haavard Fagerli for hans engasjerte og langvarige arbeid for Røde Kors og dei Røde Kors er til for, både i Eid Røde Kors og i Sogn og Fjordane Røde Kors.

 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler