Hjelpekorpset tek i bruk ROV

Leitar i djupet

Hjelpekorpset i Sogn og Fjordane har tatt i bruk "miniubåt" for å leite etter sakna under vatn.

Den er litt større enn ein bruskasse. I midten lyser og blinkar det i elektronikk frå ein blank sylinder. Eit kamera er festa som eit auge bak ein liten kuppel. Den har seks propellar, ein vendt utover under kvart hjørne, og to som ligg flatt på midten. Det er ein ROV, remotely operated vehicle, av nokon kalla undervannsdrone.

Ikkje nett Playstation 
Den heng i enden av ein hundre meter lang, gul kabel. Den andre enden av kabelen endar i ein bærbar pc, og ved sidan av den står Torgeir Pedersen Hindøy frå Flora Røde Kors Hjelpekorps og styrer rov-en med ein spelkontroll. Du veit, slik som ein brukar til Playstation og slikt. Det ser enkelt ut, men… 

Det tek si tid å lære å manøvrere. Sjøen er i konstant rørsle, seier han, medan han studerer den grumsete botnen i Florøhavna på skjermen. 

Den syner "live" overføring frå kameraet i kuppelen på rov-en, i tillegg til ei rekke data den sender tilbake; som djupne, fart, retning  

Torgeir Pedersen Hindøy syner Synnøve Giil Folkedal korleis rov-en fungerer. "Miniubåten" blir styrt med same type fjernkontroll som på ein spelkonsoll, og sender levande bilder og data om djupne, retning og fart til ein skjerm.

– Den skal i hovudsak brukast til søk av sakna som ein vurderer som omkomne, seier fagansvarleg for vassredning i Sogn og Fjordane Røde Kors, Espen Rysjedal. 

Supplement til dykkarar 
Rov'enkan også brukast i vanlegesøk etter sakna i strandlinja. I ein del tilfeller vil den også kunne settast inn til å sjekke havbotnen like utanfor eit vanlegstrandsøk, dersom ein finn spor på land. Elles vil den vere nyttig alle stader det er vanskeleg for dykkarar å komme til, der bruk av undervasskikkert heller ikkje fungerer, eller ein har funn med sonar som må sjekkast ut.Drona vil gjere at Røde kors no vil vere meir uavhengig av andre redningsetatar, som dykkarar, for å gjere komplette søk 

Det augene ikkje kan sjå frå overflata, kan ein finne med rov'en. Her manøvrerer den inn til ei øvingsdukke i havnebassenget i Florø.

Normalt er det dykkarar som gjer mykje av denne jobben, men dei må på land med jamne mellomrom, og dykkarar er kanskje ikkje alltid tilgjengelege over alt. For å få rov-en i vatnet, treng ein berre å  ta med seg utstyret i tre koffertar, og ein treng ein til to personar for å gjere søk. Ein kan stå på land, sitje tørt i ein bil på ei brygge, ein kan ta det med seg i båt. Den gule kabelen er 100 meter lang og tåler ei vekt på 280 kilo.  

– Vi skulle sjølvsagt også ønske oss posisjoneringsutstyr på den. Då kan vi jobbe meir systematisk og dokumentere betre kvar vi har søkt. Men det kostar 70.000 kroner, og vi har alt investert 112.000 kroner, så det må vente, seier Hindøy.    

Eg vil bli hjelpekorpsar!

Mål om alle kommunar
Saman med kollega Rysjedal, skal Hindøy no aller først lære seg å bruke farkosten. Etterpå skal dei utarbeide rutiner for bruk, lage eit opplæringsprogram, og så lære opp ein ansvarleg for kvart område i fylket, som igjen skal utdanne såkalla pilotar i dei ulike hjelpekorpsa. Så på sikt skal Røde Kors sine frivillige leitemannskap kunne stille opp med søk under vatn på kort varsel i heile fylket. 

Eg håpar at folk ser at vi har utstyr, ressursar og kompetanse, og at redningsetatane brukar oss. Dess meir vi vert brukt, jo flinkare vert vi. Og vi er veldig kjappedet går to minutt frå Røde Kors mottek varselet frå politiet, til heile mannskapet er kalla ut, seier Rysjedal.

Barn i nød trenger din hjelp Bli fadder! Lukk x