Nyayiek Gathwech er mor til 8 barn i Sør-Sudan. Ho har komt til Maar for å søke tilflukt frå kampane i landsbyen hennar.

1,5 millionar born i fare for å dø av svolt

Den verste svoltkatastrofa på 70 år råkar no 30 millionar menneske i Aust-Afrika og Jemen. Røde Kors ber nok ein gong om hjelp: 16. september samlar vi inn pengar til dei råka.

Halvparten av dei råka er barn. 1,5 millionar av desse står no i akutt fare for å døy av svolt. Det er fleire barn enn det er i Norge.

Røde Kors og det internasjonale samfunnet gjer alt mykje, men vi er nøydd til å gjere meir. Mykje meir. Difor går vi nok ein gong ut og ber om hjelp. Midlar vi samlar inn, vil gå direkte til naudhjelpsarbeidet i dei hardast råka områda. 

I helga kan du møte Røde Kors i Sogn og Fjordane på torg, handlesenter og kanskje på døra – når vi samlar inn pengar for å hjelpe  dei 30 millionar menneska som i dag er heilt avhengige av naudhjelp i denne regionen.

Eit stort og farleg arbeid
Røde Kors er i alle landa der svoltkatastrofen råkar. I Somalia har 1.146.000 menneske til no fått hjelp av Røde Kors, og 21.096 underernærte born har fått livreddande behandling. I tillegg har 260.000 menneske fått støtte til å kjøpe mat på den lokale marknaden. I Sør-Sudan har Røde Kors gitt helsehjelp og delt ut matrasjonar 

 I flyktningleirar nord i Uganda bur det no 800.000 flyktningar frå Sør-Sudan, 270.000 av desse har kome dei siste ti månadane. Røde Kors syt for helsehjelp, tilgang til reint vatn og sanitæranlegg i fire av desseleirane. Våre vassingeniørar reparerer brønnar og vassinstallasjonar i område der dei fleste andre organisasjonar har vanskar med å få tilgang. 

Det nyttar

For 250 kroner kan eit underernært barn få behandling i 11 veker, eller 78 personar kan få reint vatn i ein månad. 300 kroner gjev mat til ein familie på fem i ein månad.

Vi deler ut såkorn, jordbruksutstyr og fiskeutstyr for å gje menneska ei aukamoglegheit til å klare seg gjennom vanskelegeperiodar. I enkelte område er tilgang for humanitære organisasjonar ei utfordring på grunn av vald.  Sjukehus og klinikkar får utstyr og medisinar for å kunne behandle sjuke og skadde. 

Tenk på deg sjølv
Kanskje du tenkjer at eit bidrag frå deg ikkje nyttar. Hugs då at bak desse ufattelege tala skjuler det seg enkeltmenneske som deg sjølv og dine. For 250 kroner kan eit underernært barn få behandling i 11 veker eller 78  personar kan få reint vatn i ein månad. 300 kroner gjev mat til ein familie på fem i ein månad. Du kan ikkje hjelpe alle, men ditt bidrag kan faktisk gje liv. 

Mange samlar seg ved stasjonen for vannhenting til Jemen Røde Halvmåne (YRCS) i Sanaa sentrum i Jemen. YRCS gir vatn til Sanaas borgarar to gonger om dagen. Likevel er dette ikkje nok. Det er en alvorleg vassmangel i Sanaa, så vel som resten av Jemen. Foto: Maria Korkunc/Norges Røde Kors

 

Vi får stadig inn rapportar frå delegatane våre og frivillige på oppdrag i Aust-Afrika og Jemen. Dei ser desperate foreldre som kokar blad dei finn til borna sine for å overleve. Mødrer som må ta det umenneskelege valet om å legge frå seg sitt nyfødde barn i vegkanten, for å kunne flykte med dei to andre borna ho har. I Sør-Sudan, der det i store delar av landet ikkje er vegar å køyre på, flyktar folk med det vesle dei har, frå overfall, valdtekter og massakre. 

Røde Kors prioriterer å dekke humanitære behov der andre organisasjonar ikkje jobbar. På grunn av det ekstreme behovet, trappar vi opp innsatsen enda meir. Vi gjere meir. Det er difor vi har innsamlingsaksjon laurdag 16. september til svoltkatastrofen i Aust-Afrika og Jemen. Bli med på dugnaden som reddar liv.  Vi har inga tid å miste.

Les meir om kva Røde Kors gjer.

Gje slik:

SMS med kodeord SULT (250 kr) til 2272

VIPPS til 2272 (valgfri sum)

Kontonummer: 8200 06 10190, merk SULT