Røde Kors i påskeberedskap Vis bildetekst
Røde Kors i påskeberedskap

Ventar usikre forhold i påskefjellet

Mildvêret denne veka tilseier auka skredfare i Sogn og Fjordane i inngongen til påska. Fagleiar skred i Sogn og Fjordane Røde Kors ber folk følgje ekstra godt med.

Det er varierande snømengder ifylket, men det har vore stabil, kald vinter lenge, og no mildna det over alt. Det får konsekvensar for forholda i fjellet. 

– Det tilseier at vi får auka skredfare. Då må folk som skal til fjells følgje meir med på det som gjeld av varsling i dei områda ein vil på tur, seier Geir Ove Optun, fagleiar skred i Sogn og Fjordane Røde Kors.  

Skredøving i Breheimen. Her brukar leitemannskapa skredsøkar for å få raskt overblikk over "skredet".

Spesielt nyttig er skredvarslingsstaden www.varsom.no og www.regobs.no. Den første melder generelt om skredfare, medan den andre syner mellom anna kvar i terrenget skreda kan gå. Begge kan lastast ned som app til telefonen.

Fjellvettreglane

Det viktigaste du kan gjere før du går på tur, er å planlegge godt, vere budd på det som kan møte deg.

– Det er grunnlaget for å ha med deg det du treng, og for å vere mentalt klar på kva du skal gjere. Skal du til fjells, må du pakke deretter. Skal du inn i skredfarleg terreng, bør du pakke sendar-mottakar. Spade og søkestang bør med. Og kart og kompass, seier han.

Les: Bratt beredskap

I tillegg er dei fleste smarttelefonar utrusta med GPS, men utan eit nedlasta kart for området du er i, vil den vere lite nyttig om du er utanfor dekningsområdet.  

Det er sjølvsagt viktig å følgje med på kvar ein er. Om uhellet er ute er det viktig å ta vare på seg sjølv der og då. Skaffe seg ly til dømes med ein nødbuviakk eller vindpose, eller grave seg ned, slik president i Norges Røde kors fortel i videoen ovanfor. Ein må ta vare på den varmen ein har, medan ein ventar på eventuell hjelp.

Røde Kors Hjelpekorps har som vanleg beredskap i påska, men treng du hjelp, er det 112 og Politiet du skal ringe. Det er Politiet som sit på ressursane og eventuelt kan hjelpe deg. Sjekk elles Facebook til ditt lokale hjelpekorps dersom du er nysjgerrig på om dei til dømes har vakter i skitrekk eller på lokale Røde Kors-hytter.

Skipatruljen i Sogn skisenter faktar "pasient" ned med båre.