Det er første gong Anna Sofia og Amanda brukar kart og kompass. Dei prøver å bli einige om kvar dei skal.

Peikar ut kursen

Ungane i Barnas Røde Kors peikar ut kursen sjølv. Slik at dei kan hjelpe andre seinare.

— I dag har eg med gåver til dykk, seier Nina Dyrøy, leiar for Barnas Røde Kors, Gulen.

Åtte første til fjerdeklassingar i gule vestar stimar til. Opp av posen dreg Nina kartmapper og kompass. Og kart av området Kringla i gulen.

— Legg kartet i mappene, så går de på grupper to og to, ein med kart, ein med kompass. Sjå på kartet, så prøver de å finne ut kvar vi er no, seier ho, mellom ivrige kvin.

Landets våtaste Bark
Dei står ved enden av ein liten veg, som stikk ut frå ein litt større veg, som stikk ut frå den store vegen, E39. Der er dei, om lag på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Truleg Norges våtaste BARK, eit steinkast frå målestasjonen Takle. Skodda ligg godt nedover bratte fjellsider.

— Her kan ikkje uteaktivitet vere opp til veret. Då hadde det blitt mykje innetid, ler Nina. Korkje ho eller ungane let seg påverke veldig av at det ofte er vått. Vatn får ein berre leve med.

— Vi skal finne nord, seier ei av jentene, og går inn i varebilen til Nina.

— Nei, nord er ikkje inne i bilen, de må sjå på kompasset, seier Nina, og gjev dei ein leksjon i magnetisk nord.

Den med at nåla alltid peikar nordover. Så må linjene på kartet ligge same veg. Når du veit kvar du er og kvar du skal, så vrir ein på kompasset og får ein retning ein skal gå. Det er kompasskursen, forklarar ho. Så gjev ho kvar gruppe eit punkt på kartet som dei skal gå til.

Prøving og feiling
— Nei, no seier han plutseleg at vi skal gå den vegen, seier ein litt oppgitt gut om kompasset som stadig skiftar retning.

Etter litt hjelp til å halde det flatt, finn han ut av det, og gruppa er på veg i fullt firsprang til ein straumstolpe i området. Etter kvart vert det ropt frå ymse knausar rundt omkring, og alle returnerer til basen.

Så er det nye gåver. No dreg Nina opp tolleknivar frå ein pose. Alle får låne kvar sin kniv.

— Er det nokon av dykk som har brukt kniv før? Spør Nina.

Det er ganske stilt, men nokon har visst gjort det i barnehagen. No får dei i oppdrag å finne kvistar som dei kan spikke grillspyd av.

Det første spikk
Leiar Martin Ellingsen Dyrøy set seg ned ved Lasse, som er litt reservert. Kniven er blank, den ser skarp ut.

— Sjå her, du tek kvisten slik, og spikkar framover sånn. Prøv, oppmuntrar Martin.

Og så sit dei der, åtte ungar i djupaste konsentrasjon og lagar seg grillspyd. Siste post på programmet før frileik er grilling.

Så er det dei store ungane sin tur. Femte til sjuande klasse. Dei har kome hakket lenger.

—  Vi har lært kart og kompass, samband, båresurring, handtere beinbrot, bære skadde personar og legge folk i stabilt sideleie for frie luftvegar, seier Eirik.

— Og vi har lært å bandasjere, skyt Anne Charlotte inn.

Ring 113!

— Vi har lært å ringe 113 dersom det har skjedd noko alvorleg. Då må vi hugse å sei kva skade det er, kvar du er og korleis ein har fått skada, seier Ina Elise.

— Vi har lært korleis vi skal bruke kart og kompass, spesielt er det viktig å halde kompasset flatt for at det skal virke, seier Maja Andrea.

— Men når blir det RIB, spør Lasse? Dei håpar og ventar at hjelpekorpset i Vadheim skal komme på besøk med sin redningsbåt, og syne korleis dei skal drive søk og redning i vatnet.

Ikkje i dag, i dag skal dei finne fram til hemmelege stader.
— Då vil eg at de skal gå til den grøne prikken de ser på kartet her, seier Nina, og sender første gruppe ut i terrenget.