Barns Røde Kors i Olden ti år. Vis bildetekst
Barnas Røde Kors i Olden er ti år, her på skøytekveld i Loen i 2015. Leiar gjennom desse ti åra, Winnie Strand, har også vore pådrivar og inspirator for Barnas Røde Kors i fylket og nasjonalt.

Ti år for borna i bygda

I ti år har Winnie Strand gitt borna i Olden meistring og glede gjennom Barnas Røde Kors. For dette får ho årets Bry deg-pris 2019.

Første kvelden Olden Raude Kors arrangerte Bark, Barnas Røde Kors, møtte det opp 54 barn. Det er nesten alle barna i målgruppa i bygda. 12-15 gonger i året sidan, har 15 til 25 ungar delteke fast i Barnas Røde Kors i Olden.  

Noko av det som gjorde at vi starta var at det var eit litt smalt aktivitetstilbod i bygda på den tida. Vi hadde lyst til å gjere noko heilt annleis, som også skulle vere gratis og utan krav til utstyr. Det er ikkje alle som har det like romsleg økonomisk, seier Winnie Strand 

Winnie Strand_3000
Winnie Strand får Sogn og Fjordane Røde Kors sin Bry deg-pris for 2019. Ho var ikkje til stades under tildelinga på Sogn og Fjordane Røde Kors årsmøte 30. april. Bildet er frå 2017.

Samarbeid og meistring

Strand og dei andre som var med å starte opp Barnas Røde Kors i Olden, ønskte å vere ute og bruke naturen. Dei ønskte at samarbeid og meistring skulle vere i sentrum, og at det ikkje skulle vere nokon krav for å vere med. Samtidig ville dei involvere ungane i Røde Kors ferdigheiter, som førstehjelp og omsorg. Dessutan skulle dei få innblikk i Røde Kors sine verdiar og prinsipp, slik som at vi hjelper alle som har behov for hjelp, uansett bakgrunn og årsak.   

Bry deg-prisen

Bry deg prisen 2019 går til Winnie Strand for arbeidet med Barnas Røde Kors.

Bry deg prisen vert delt ut av Sogn og Fjordane Røde Kors som ei påskjønning til ein person som har utmerka seg på ein måte som fell innanfor Røde Kors sine grunnidear og prinsipp.

Prisen er ein messing-lysestake med inskripsjon og ein sjekk på 5 000 kroner. Pengane skal nyttast til eit veldedig føremål. 

Les juryen si fulle grunngjeving nederst i saka.

Barnas Røde Kors i Olden har fått gode tilbakemeldingar. Mellom anna har Strand dokumentert all aktivitet og samla det i ein etter kvart berømt perm. Etter ti år, ligg det inne om lag 150 ulike aktivitets-ark. Mykje av dette har blitt skanna og delt ut av Norges Røde Kors til inspirasjon til heile organisasjonen. Strand har også blitt brukt som ressursperson av distriktet for å hjelpe andre å starte opp.  

Eg tykkjer det er veldig kjekt å halde på med dette, eg kan ta fram ungen i meg sjølv litt. Då vi sjølv hadde barn, var eg mykje på jobb kveld og ettermiddag, kanskje det er noko uutlevd, grublar ho. 

Eg vil bli frivillig i Røde Kors!

Aktivitet som gjev ballast

Ho håpar at aktiviteten har vore med og gitt ungane i bygda god ballast som dei kan bruke i Røde Kors eller andre stader i livet.  

Til dømes var ei av dei første ungane som var med i oppstartsperioder, no blitt leiar i Ungdomens turlag i Nordfjord. Ho vart seinare med som ein slags juniorleiar i aktiviteten, då ho vart for gamal til å delta sjølv, seier Stand.  

rka2015
Reportasje i Røde Kors-avisa 2015.

Les reportasje får Røde Kors-avisa i 2015 her!

Sjølv om det gjev ho mykje glede å drive Barnas Røde Kors, er Strand usikker på om ho skal halde fram mykje lenger.  

–Det krev litt anna kondis og guts enn kva eg etter kvart har i min alder, så eg leikar med tanken om å trekke meg ut. Eg har fått med meg ei småbarnsmor no, som rekrutterer i eigne rekker, så vi satsar på at aktiviteten vil halde fram. Det verkar som om Røde kors er ei god plattform for aktivitet, og foreldra gjev svært gode skussmål. Dei tykkjer det er heilt topp, seier ho. 

Vart aktiv i DNT Ung

Kristine Tonning var ein av dei elleve-åringane som var med då Barnas Røde Kors vart starta i Olden i 2009.

Kristine Tonning_Olden_Bark-medle-i-2009
Kristine Tonning var med då Olden Raude Kross starta Bark. Ho trur tida der la noko av grunnlaget for seinare friluftsinteresse.

Vi spikka med kniv, bygde små lavvoar og grilla pølser. Vi hadde litt teori om skader og slikt, førstehjelp, hjarte- og lungeredning. Vi lærte å spjelke og øvde på kameratredning, altså kva ein gjer på tur når ikkje har tilgjengelg telefon og slike ting. Vi var unge, så det var mykje leik også, seier Tonning.  

Ho har hatt ein friluftsinteressert familie, men trur Bark vart eit viktg grunnlag for at friluftsliv har vakse og blitt ein stor del i Tonning sitt liv.

Fekk leiarinteresse

– Då eg var 15, fekk eg også lov til å komme inn og hjelpe til i aktiviteten som frivillig, fram til eg byrja på vidaregåande skule. Erfaringa med å leie har eg tatt med vidare inn i DNT Ung, der eg er aktiv no, seier ho.

Om Winnie Strand har ho mykje godt å sei.

– Ho er veldig triveleg og flink. Ho tydeleg og har mykje kunnskap, og dyktig i det ho formidlar. Og så er ho veldig flink til å finne på kjekke aktivitetar så ungane vert værande.

Grunngjevinga frå juryen:

Juryen er Sogn og Fjordane Røde Kors arbeidsutval.

Distriktet har hatt mange flinke og ansvarsfulle frivillige innan mange områder opp gjennom åra.

På same måten som at vi har pusla litt rundt når det gjeld Røde Kors ungdom – det har tatt litt tid å få det på plass,

Så har det tatt tid å få på plass RØFF og BARK. Fleire har prøvd seg. Nokre har fått det til litt, men så måtta gje seg etter ei stund. No ser det betre ut. Det er fleire som har kome i gang.

I slikt utviklingsarbeid handlar det om å ‘stå i det’. Ha trua og jobbe på. Går det bra, vert ein eit referansepunkt for andre å strekke seg etter.

Og det er tilfelle for prisvinnaren som skal få prisen for 2019. Lokalt så vel som nasjonalt. No i mars var det ti år sidan Olden Raude Kors skipa si Barnas Røde Kors-gruppe. I desse ti åra er det fleire som har vore gode hjelparar og støttespelarar,

Men det er ei som har vore pådrivar og halde i trådane heile tida. Ei som er trukke fram på nasjonale samlingar som eksempel på korleis ein skal drive BARK-grupper, og som har opplevd at ein nasjonalt tjuvlånte oppskrifta hennar når dei skulle formidle dette.

Ho er framleis ein stor ressurs for ungane i Olden gjennom BARK-gruppa, og vi har funne ho særs verdig til Bry deg-prisen 2019.

Den vert tildelt Winnie Strand.

Prisen vart delt ut på årsmøtet til Sogn og Fjordane Røde Kors 30. mars 2019. Strand var ikkje sjølv til stades.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler