Robert Mood om menneskeverd på frigjeringsdagen

– Vi har alle det same menneskeverdet, sa Robert Mood. Det er den viktigaste arven etter grunnleggaren av Røde Kors og etter dei som gav sitt liv for fred og fridom under andre verdskrig og seinare.

Det var Eid Røde Kors som hadde invitert president Robert Mood i Norges Røde Kors til å delta på markeringa på Nordfjordeid. Der er tradisjonen at dei feriar både den internasjonale Røde Kors-dagen, frigjeringsdagen og veterandagen saman.

20190508-1748-Eid 8. mai-21
Oppmarsjen på Eid for å markere Røde Kors-dagen, frigjeringsdagen og veterandagen.

Mood, med bakgrunn frå forsvaret og FN, heldt eit sterkt innlegg som samla trådane i norsk frigjeringskamp og Røde Kors sin innsats for menneskeverdet. Spesielt var han opptatt av at vi må lære av historia, og trakk mellom anna parallellar mellom barn som hadde far på feil side av 2. verdskrig, og barn av IS-terroristar i dag. Alle har det same menneskeverdet.

Du kan sjå talen i sin heilskap ved å trykke på bildet øvst på sida.

20190508-1246-Eid 8. mai-4
Robert Mood talte til elevar og lærarar ved Eid vidaregåande skule.

Robert Mood var også invitert til å halde foredrag for elevar og tilsette ved Eid vidaregåande skule. Han gav dei ei forrykande reise gjennom det store bildet, om to konkurrerande forteljingar om situasjonen for verda.

Den eine, den negative, pessimistiske, om militære nestensituasjonar fleire stader i verda. Den om at overnasjonale system som FN, EU og Nato kanskje ikkje fungerer som dei skal. Historia om at det liberale demokratiet, med røter tilbake til 1776, med fridom, likskap og brorskap i sentrum, er i ferd med å forvitre utanfrå. Og så er det eksistensielle ufordringar som atomvåpen, klimaendringar og overforbruk av kloden vår.

20190508-1254-Eid 8. mai
Operasalen i Nordfjord var nærast fullsett av elevar og lærarar.

Den positive, historia om at fleire nyfødde overlever, at vi nesten har utrydda malaria, at millionar av fleire jenter får gå på skule, om at stadig fleire får tilgang på elektrisitet – minner oss om at det er noko som verkar. Det er nært knytt til eit framtidsretta innhald i fridom, likskap og brorskap. Mood trekk også fram Greta Tunberg si tale på verdens økonomiske forum i Davos, som eit døme på at det nyttar.

20190508-1516-Eid 8. mai-3
ORdførar i Eid, Alfred Bjørlo, heldt eit spontant møte mellom etatseliarar og Røde Kors på gangen i rådhuset.

Leiar i Eid Røde Kors, Are Fagerli, tok også Mood med seg for å møte ordførar Alfred Bjørlo og hans stab på rådhuset. Dei hadde eit uformelt møte med tenesteleiarar innan mellom anna helse, omsorg og beredskap, og drøfta viktigheita av godt samarbeid mellom frivilligheita og det offentlege.

20190508-1624-Eid 8. mai-5
Astrid Henden las dikt og gav Robert Mood boka "Steinar i bekken" av Helga Ladehaug i gåve.

Mood fekk også møte grasrota i Røde Kors på Eid, under ein middag saman med lokalforeiningsstyret. Besøksvenn Aud Kragseth og besøksmottakar Astrid Henden var æresgjestar saman med presidenten. Dei har tidlegare fortalt historia si om korleis det er å vere saman som besøksven og besøksmottakar.


– I ein pyramide er du Robert toppen, men ein pyramide kan ikkje klare seg utan grunnlaget, og her på Eid har du eit fantastisk grunnlag, sa Henden.

20190508-1703-Eid 8. mai-4
Leiinga i Eid Røde Kors, Synøve Sande, leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, Aud KRagseth og Astrid Henden møtte Robert Mood.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler