Smerta ein ikkje ser - illustrasjon. Opphav ukjent.

Smerta ein ikkje ser 2019

Ein konferanse om ung psykisk helse i Førdehuset 11. november og på Operahuset i Eid 12. november.

Meld deg på her!

Det er mange som sit inne med ei smerte som andre ikkje kan sjå. Det er altfor mange som tek sjølvmord, det er altfor mange som opplever vald og utryggleik i heimen, og det er altfor mange som er åleine med angst og smerte. Og det blir fleire som slit, syner dei nyaste tala frå ungdata.no.

Gjennom konferansen "Smerta ein ikkje ser" ønskjer vi å synleggjere dei humanitære behova, slik at dei som slit kan bli sett, høyrt og verdsett. Konferansen er open for alle, spesielt inviterte er ungdom, lærarar, politikarar og andre som arbeider med ungdom og psykisk helse.

Les "Håp og løysingar for unge som slit" - artikkel frå konferansen Smerta ein ikkje ser i Sogndal 2018.

Program Førde:

18.00  Kulturelt innslag

18.05  Velkomst v/Olve Grotle, ordførar Førde

18.10  Kva er problemet? v/Røde Kors

18.20  Bak maska – kva ser vi og kva gjer vi i møte med unge som slit? v/Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri.

19.00  Pause

19.20  Erfaringar og råd frå oss som har slite v/Forandringsfabrikken  

20.50  Avslutning og song v/Jostein Vedvik, artist

 

Program Eid:

18.00  Kulturelt innslag

18.05  Velkomst v/Alfred Bjørlo, ordførar Eid

18.10  Kva er problemet? v/Røde Kors

18.20  Bak maska – kva ser vi og kva gjer vi i møte med unge som slit? v/Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri.

19.00  Pause

19.20  Erfaringar og råd frå oss som har slite v/Forandringsfabrikken  

20.50  Avslutning og song v/Jostein Vedvik, artist

 

Innleiarane våre:

Forandringsfabrikken

Forandringsfabrikken er eit kunnskapssenter, organisert som ei ideell stifting. Vi inviterer barn og unge til å dele erfaringar om møta med skule, psykisk helsevern og barnevern, og til å gje råd om korleis systema kan bli betre. Forandringsfabrikken har møtt 5000 barn i norsk skule, 600 som har fått psykisk helsehjelp, 1200 barn i barnevernet og 300 som har opplevd vald og overgrep.

Inge Nordhaug

Har arbeidd som klinisk sosionom innan barne- og ungdomspsykiatri i nærare 30 år, og hjå RVTS (ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) sidan 2006. Har tidlegare leia prosjektet «støtte til seksuelt misbrukte barn».

Har du spørsmål? Kontakt Thor Erlend Mehammer eller Irene Grøneng ved Sogn og Fjordane Røde Kors distriktskontor på 904 74 445.

Det er ikkje påmeldingsfrist på arrangementet.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler