Henry-turnéen - Førstehjelp for barn
Barnehagar og skular får besøk av Henry for å lære om førstehjelp.
Henry-turnéen - Førstehjelp for barn er eit pedagogisk læringsopplegg for barn i barnehage og småskulen (1.-3. kl.)
Det vert ny Henry-turné i veke 15, 16, 17, 18.
Sjølv små barn kan redde liv! Læringsopplegget og dukka Henry har som mål å bidra til å auke barn si kjennskap til og interesse for førstehjelp. Vi ynskjer at barn skal vere forberedt på ein situasjon ved at vi skapar ein trygg og kontrollert plass å lære førstehjelp.
Idéen om at dei yngste barna kan ta ansvar, syne omsorg og hente hjelp er ein viktig del av Henry-opplegget. Det skal kjennast trygt å hjelpe andre. Gjennom dukka Henry og dei 10 uhella han utsettast for, lærer barn korleis dei kan hjelpe gjennom 3 enkle steg:
- Spørje kva som har skjedd
- Hente ein vaksen/Ringe 1-1-3
- Hjelpe (Saman med ein vaksen)
Trykk her for å melde interesse for besøk av Henry
Henry-turnéen er eit samarbeid med sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde. Saman med Henry kjem to til fire studentar som gjennomfører sin studentpraksis. I løpet av 2022 og 2023 har 2500 barn fått besøk av Henry og studentane!
Lengda på opplegget er fleksibelt og de kan avtale med studentane korleis de ynskjer å gjennomføre besøket.
For spørsmål kontakt Martine.
- Martine Viken
- Tiletteleggar for opplæring og oppfølging av frivillige. Ansvar for Henry turnéen og Ettersamtale.
- E-post
- martine.viken@redcross.no
- Mobil
- 971 39 640