Om Sogn og Fjordane Røde Kors
Sogn og Fjordane Røde Kors støttar 26 lokalforeiningar og 2500 frivillige i deira humanitære aktivitet innan søk og redning, oppvekst, migrasjon, sosial inkludering og beredskap.
Får 2021 - 2023 fokuserar vi spesielt på utanforskap
Utanforskap er felles for barn som lever i familiar med varig svak økonomi, for sosialt isolerte og for psykisk sjuke. I 2021-2023 vil vi styrke vårt arbeid med å inkludere sårbare grupper i deira lokalsamfunn.
Les > Årsmagasinet for 2022
Vi har elleve tilsette på distriktskontoret og deira si hovudoppgåve er å legge til rette for lokal, frivillig, humanitær aktivitet. Arbeidet er styrt av handlingsprogrammet som fylkesårsmøtet bestemmer, behov hjå lokale ledd og distriktsstyret sine disposisjonar.
Les > handlingsprogrammet for 2021-2023
Distriktsstyret, med representantar frå Distriktsråd Omsor - Ung og Hjelpekorps, står ansvarleg for den daglege drifta mellom årsmøta.