Eid Røde Kors Hjelpekorps trenar på elveredning. Vis bildetekst
Eid Røde Kors Hjelpekorps trenar på elveredning.

Eid Røde Kors

Eid Røde Kors mobiliserer frivillige gjennom omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid. Med deg på laget kan vi hjelpe enda fleire.

Vekommen!

Vårt hovudføremål er å gjere Eid til ein endå betre stad å leve – for alle.

Nokon får selskap av våre besøksvenner, andre opplever tryggleik gjennom nærværet vårt, og hjelpekorpset bidreg til di og mi sikkerheit når vi er ute. Vil du vite meir om kva vi driv med i det daglege inviterar me deg til å sjå i aktivitetsmenyen under.

Bilde_Bål_Eid_RK_2020 (2)
RØFF øvar på tenning av bål på ein samling i 2019. Foto: Eid Røde Kors.

Vil du bli med på laget? Som frivillig kan du engasjere deg aktivt og føle på gleda ved å hjelpe andre. Som medlem gjer du arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år eller 150 kroner om du er under 26 år.

Våre aktivitetar