Hyllestad Røde Kors
Hyllestad Røde Kors har to aktive avdelingar; omsorgstjenesta og hjelpekorpset. Vi driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte menneske i lokalsamfunnet.
- Adresse
- 6953 LEIRVIK I SOGN
- Telefon
- 950 39 740
- E-post
- jan.arvid.stoyva@enivest.net
- Leder
- Hildegunn Hatlem
- Nestleder
- Eilev Strandos

Vårt mandat
Vi har eit mål om å forebygge og respondere for å redde liv, trygge lokalsamfunnet og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det mest.
Vil du vite meir om oss? Hyllestad Røde Kors si facebook side er ei side for gamle og nye medlemmar, men det er òg ei side for dei som ønsker å følge med på våre aktivitetar. Besøk vår Facebook-side her.
Hyllestad Røde Kors er glade og takknemlige for dei som ønsker å vere med i HRK, og bruke litt av fritida si til å hjelpe andre medmennesker og gjere ei forskjell i lokalsamfunnet vårt.

Sjølv om vi har en god blanding av medlemmar med lang fartstid og nye medlemmar, har vi eit stort behov for fleire. Har du lyst å bli med, er du hjarteleg velkommen.
Eller kanskje du vil bli medlem, og gjere arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte? Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner om du er under 26 år. Trykk på knappen under for medlemmskap (både for aktive medlemmar og for dei som ønsker å vere støttemedlemmar).
Spørsmål kan rettast til Jan Arvid Støyva (opr. leiar og leiar for hjelpekorpset), Arne Dale (leiar for omsorg), eller Karine Hatlem Rønneseth (skrivar og medlem av hjelpekorpset).