Gruppe på toppen av fjell. Vis bildetekst
Kjensla av å komme seg til topps er fantastisk. Her frå toppen av Svinestranda i fjor.

Til topps i Gloppen 15. juni 2024

Vi inviterer "heile verda" med på tur i Trivselsskogen og opp Svinestranda på Sandane i Gloppen.

Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur. Denne gongen gjennom å gå tur i Trivselsskogen eller å nå toppen av Svinestranda.

Målgruppa for arrangementet er immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Det er ingen nedre aldersgrense, men ein bør være minimum 5 år for å klare å gå ein av turløypene på eigahand.

Vil du vere deltakar, frivillig lagleiar eller få med deg deltakarar frå ditt lokalmiljø? Kontakt di lokalforeining eller distriktskontoret.

Tre alternativ

I 2024 vil det vere tilbod om å gå ein topptur med to ulike startpunkt i tillegg moglegheita om å bli med på ein 4 kilometer lang rundløype med utgangspunkt i Trivselsskogen. Dette er en familievennleg tur med mange fine opplevingar undervegs. For dei som ynskjer ein skikkeleg fjelltur kan gå til toppen av Svinestranda som ligger 1074 meter over havet.

gruppe på utsiktspunkt.
Svein Rune Myklebust (i midten) er frivillig lagleiar og har med seg ei gruppe deltakarar og frivillige frå Eid. Bilete er teke ved Fosseteateret i Trivselsskogen.

Frivillige lagleiarar

Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen.

På familierunda skal også frivillige bli med deltakarane, men det stillast mindre krav til tal deltakarar per lagleiar.

Oppgåvene til lagleiar:

  • Registrerer laget i sekretariat før avgang.
  • Halde turlaget samla under turen. 
  • Passe på at ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.
  • At turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar. 
  • At alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende. 
  • Registrere laget i sekretariat ved retur.  
Kvinne sitter på benk ute.
Grethe Fisher er mangeårig turleiar i Sogndal Røde Kors.

Påmelding og organisering

Kvar lokalforeining/lokale turgruppe må ha ein hovudansvarleg for alle sine deltakarar – ein gruppeleiar. Gruppeleiar har ansvar for å melde på deltakarane/laga frå sitt lokalsamfunn, og er bindeledd til arrangøren Sogn og Fjordane Røde Kors. Gruppeleiar har ansvar for at alle frivillige lagleiarar er budde til turen og held sitt turlag informert.

kart over turområdet
Trivselsskogen stikart

Frist for påmelding

Gruppeleiar melder inn tal ynskte deltakarar innan 26. mai ved å sende e-post til tilretteleggar på distriktskontoret: jon.langeland.thomsen@redcross.no

Det er eit visst antal plassar. Etter påmeldingsfristen fordeler distriktskontoret plassane med utgangspunkt i innmelde ynskje, seinast 2. juni. Dersom det er stor interesse og venteliste, vil eitt av kriteria for tildeling av plass vere om ein har arrangert lokale turar i forkant av Til Topps-arrangementet. Les meir om lokale turar nederst.

6. juni er siste frist for å endre tal deltakarar. Ein vert då fakturert ut frå talet ein står registrert med 6. juni. Gruppeleiar har ansvaret for å ta inn eigenandel for sine deltakarar og å fylle opp dei tildelte plassane dersom det vert avbod/endring i deltakarlistene fram til avreise. Om gruppeleiar ser at ein ikkje får nytta plassane etter fristen, gjev vedkommane beskjed til distriktskontoret, då andre deltakarar gjerne står på venteliste.

Viktige datoar

26. mai 2024

Frist for lokale ledd å melde inn ynskje om tal deltakarar

2. juni 2024

Distriktskontoret tildeler plassar til lokale ledd

2. juni 2024

Frist for lokale ledd å sende inn oppdatert tal deltakarar

15. juni 2024

Til topps 2024!

Pris

Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar over 18 år, medan frivillige og born går gratis. Dette dekker:

  • Reise frå sentrale utfartsårer i fylket til Sandane laurdag morgon med eigne turbussar.
  • Middagsservering etter fjellturen laurdag ettermiddag.

Heimreise med turbussar laurdag tidleg kveld.

Gje tilbakemelding om eigenandelen er eit problem for nokre deltakarar.

Reise og mat

 

Arrangementet byrjar og sluttar ved Trivselsskogen på Sandane i Gloppen kommune.

Sogn og Fjordane Røde Kors leiger inn turbussar som skal frakte deltakarane til og frå. Informasjon om avreisestader og tidspunkt kjem. Forventa ankomst Sandane mellom kl. 10:30 og 11:30. Bussane stoppar ved parkeringsplassen til Trivselsskogen.

OBS: Deltakarane må ha med seg mat og godt med drikke til turen. Det vil verte servert middag til alle deltakarane på på ettermiddagen (truleg grillmat i Tin-campen).

Lokale øvingsturar

Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant. På denne måten kan ein òg lettare avklare om deltakarane har god nok informasjon om turen og kva utstyr dei treng for å kunne gjennomføre ein slik tur.

Om ein ynskjer å arrangere lokale turar er det mange moglege samarbeidspartnarar lokalt (DNT, 4H, Norges jeger- og fiskeforbund, idrettslag, frivilligsentralen m.v.). Distriktskontoret har nokre midlar til disposisjon ved behov.

For meir informasjon om Til topps eller hjelp til å starte opp lokale turgrupper i forkant, ta kontakt med tilretteleggar ved distriktskontoret jon.langeland.thomsen@redcross.no, tlf. 482 48 184.

Filmar frå tidlegare Til Topps-turar: