Borgny får besøk av besøksvenene Svanhild og Grethe i Hyllestad Røde Kors. Foto: Henning A. Hellebust/Sogn og Fjordane Røde Kors. Vis bildetekst
Borgny får besøk av besøksvenene Svanhild og Grethe i Hyllestad Røde Kors.

Besøksteneste - mot einsemd

Einsemda kan råke alle. I besøkstenesta har vi ei rekke aktivitetar som gjev dei som treng det ein betre kvardag.

Å sakne nær sosial kontakt er smertefullt. Einsemd kan råke alle, men statistikk syner at vaksne som ikkje er del av arbeidslivet er hardast råka. 3 av 10 over 80 år oppgir at dei kjenner seg einsame.

Les meir om einsemd og kva du kan gjere på helsenorge.no

Røde Kors Besøksteneste er eit tilbod til menneske som treng eit anna menneske. I Sogn og Fjordane har vi ulike variantar av denne tenesta i dei fleste kommunane. 550 frivillige besøksvener stiller opp og går tur, steiker sveler, lagar til bingo, held fest, eller tek med seg hunden på besøk. Nedanfor kan du sjå nokre døme.

Finn næraste besøksteneste!

Ein til ein

Mange besøkstenester tilbyr såkalla ein til ein besøk. Då vert ein besøksven kopla med ein som kan ha glede av sosial kontakt. Saman finn dei ut kva dei skal gjere i lag. Filmane syner Borgny få besøk av Hyllestad Røde Kors, og Aud og Astrid i Eid som er kopla saman. Les artikkel frå Eid besøksteneste  her!

 

Eg vil bli frivillig!

Mat i fellesskap

God mat er eit viktig sosialt lim, og nedanfor kan du sjå døme frå Førde, der besøksvenene kvar tysdag steiker sveler til bebuarane på helsetunet, og frå Florø, der besøksvenene inviterer bebuarar på omsorgssentra til fellesmiddag.

Fast møteplass

Ein sosial møteplass kan vere det som skal til for å møte andre. Eit døme er besøkstenesta i Leikanger sin bingo. Den er vekas høgdepunkt for mange. Dei samlast for å møte folk, spele - trimme hjernen - drikke kaffi og ete kaker. Du kan sjå filmsnutten eller lese meir om det her.  

Ekstra festivitas

Kvardagen er einsforming for mange bebuarar rundt på sjukeheimar og omsorgsbustader – eller andre som ikkje lenger kjem seg ut av heimen for eiga maskin. Nokon gonger slår besøkstenesta på stortromma, og inviterer til fest. Mat og musikk ofte viktige ingrediensar. Sjå filmklipp eller les artiklar frå Jølster og Askvoll, der dei på ulikt vis skipar til sommarfest.

 

Aktivitet i nærmiljøet

Det er ein del menneske som ikkje kjem seg ut på eiga hand. Spesielt dei som bur på sjukeheim. Ein får ikkje handla, gjere ærend eller sjå seg rundt. I Hyllestad tilbyr dei bebuarane på sjukeheimen ein tur i nærmiljøet.

I Førde inviterer dei menneske som elles ikkje kjem seg så lett ut, med på opplevingar i nærmiljøet. Dei får omvisning på lokale museum, i kyrkja eller går på teater.

I Svelgen-Bremanger har dei ein aktivitet der Røde Kors Omsorg hentar folk som sjølv ikkje klarar å komme seg til butikken for felles handel, prat og enkel servering. Les meir om Sollaug Hafstad ogdet dei kallar handlefellesskapet her!

2019-04-30 handlefellesskap kalvåg (2)

Besøksven med hund

Våre firbeinte vener, hundane, kan vere gode kontaktskaparar. Mange besøkstenester har difor byrja å rekruttere hundehaldarar, som får kvalifisering og opplæring så dei kan ta med hunden på besøk. Besøka kan vere på eldreinsitusjon, eller ein til ein. Bente Liabø Thorsen og hunden Zelda (sjå filmklipp) frå Fjaler Røde Kors er ein av dei. Les også artikkel frå Flora i Røde Kors-avisa 1-2016.

Opplæring

For at våre besøksvener skal kjenne seg trygge og kvalifiserte og representere Røde Kors på ein god måte – slik at dei vi er til for får eit godt utbyte, får dei frivillige opplæring undervegs. Ovanfor kan du sjå eit kort klipp frå ei samtaleøving på eit besøksvenkurs.

Eg vil bli frivillig!

Alle våre frivillige får ei innføring i Røde Kors sitt verdigrunnlag, førstehjelp og psykososial støtte - i tillegg til ein heil katalog med kursmogelegheiter for å utvikle seg vidare.