Bildet er frå Til topps på Raudmelen i Balestrand eit tidlegare år. Vis bildetekst
Kjensla av å komme seg til topps er fantastisk. Her frå Raudmelen i 2019.

Til topps i Jølster 18. juni 2022

Vi inviterer "heile verda" med på fjelltur til Håheimsfjellet på Skei i Jølster.

Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur. Denne gongen gjennom å nå toppen av Håheimsfjellet på Skei i Jølster.

Målgruppa for arrangementet er immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Nedre aldersgrense er 10 år.

Vil du vere deltakar, frivillig lagleiar eller få med deg deltakarar frå ditt lokalmiljø? Kontakt din lokalforeining eller distriktskontoret.

Slik er turen til Håheimsfjellet

Håheimsfjellet er eit fjell i Jølster som ragar 1075 meter over havet. Turen startar ved Skei hotell og går langs merka løype heilt til topps.

Etter kring 30 minuttar er det fint å ta ein pause ved dagsturhytta, der det er sitteplassar og moglegheit for å gå inn. Frå dagsturhytta går turen oppover mot toppen og på vegen får du nydeleg utsikt over Jølstravatnet, ned i den grøne Kjøsnesfjorden og toppane rundt.

Turen er om lag 4 kilometer lang. Normal tid opp er 2–3 timar, kanskje noko lenger for dei urøynde. Sjå filmen frå turen i 2021 nedanfor!

Frivillige lagleiarar

Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen.

Oppgåvene til lagleiar:

  • Registrerer laget i sekretariat før avgang.
  • Halde turlaget samla under turen. 
  • Passe på at ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.
  • At turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar. 
  • At alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende. 
  • Registrere laget i sekretariat ved retur.  
Kvinne sitter på benk ute.
Grethe Fisher er mangeårig turleiar i Sogndal Røde Kors.

Påmelding og organisering

Kvar lokalforeining/lokale turgruppe må ha ein hovudansvarleg for alle sine deltakarar – ein gruppeleiar. Gruppeleiar har ansvar for å melde på deltakarane/laga frå sitt lokalsamfunn, og er bindeledd til arrangøren Sogn og Fjordane Røde Kors. Gruppeleiar har ansvar for at alle frivillige lagleiarar er budde til turen og held sitt turlag informert.

Frist for påmelding

Gruppeleiar melder inn tal ynskte deltakarar innan 29. mai ved å sende e-post til tilretteleggar på distriktskontoret: jon.langeland.thomsen@redcross.no

Det er begrensa tal plassar, så etter påmeldingsfristen fordeler distriktskontoret plassane med utgangspunkt i innmelde ynskje, seinast 3. juni. Dersom det er stor interesse og venteliste, vil eitt av kriteria for tildeling av plass vere om ein har arrangert lokale turar i forkant av Til Topps-arrangementet. Les meir om lokale turar nederst.

8. juni er siste frist for å endre tal deltakarar. Ein vert då fakturert ut frå talet ein står registrert med 8. juni. Gruppeleiar har ansvaret for å ta inn eigenandel for sine deltakarar og å fylle opp dei tildelte plassane dersom det vert avbod/endring i deltakarlistene fram til avreise. Om gruppeleiar ser at ein ikkje får nytta plassane etter fristen, gjev vedkommane beskjed til distriktskontoret, då andre deltakarar gjerne står på venteliste.

Viktige datoar

29. mai 2022

Frist for lokale ledd å melde inn ynskje om tal deltakarar

3. juni 2022

Distriktskontoret tildeler plassar til lokale ledd

8. juni 2022

Frist for lokale ledd å sende inn oppdatert tal deltakarar

18. juni 2022

Til topps 2022!

2022_tiltopps_håheimsfjellet kopi
Håheimsfjellet (1079 moh) Foto: Tinje Steen

Pris

Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar, medan frivillige går gratis. Dette dekker:

  • Reise frå sentrale utfartsårer i fylket til Skei laurdag morgon med eigne turbussar.
  • Middagsservering etter fjellturen laurdag ettermiddag.
  • Heimreise med turbussar laurdag kveld.

Reise og mat

Turen byrjar og sluttar ved Thon hotell Jølster på Skei i Sunnfjord kommune.

Sogn og Fjordane Røde Kors leiger inn turbussar som skal frakte deltakarane til og frå Skei i Sunnfjord kommune. Informasjon om avreisestader og tidspunkt kjem. Forventa ankomst Skei mellom kl. 1030 og 11:30. Bussane stoppar ved Thon hotell Jølster. Der er det toalett tilgjengeleg.

Deltakarane må ha med seg mat og godt med drikke til turen. Det er ikkje vasskjelder langs ruta. Det vil verte servert middag til alle deltakarane på Skei hotell før heimreisa.

Thon Hotell Jølster
Turen byrjar og sluttar ved Thon hotell Jølster på Skei i Sunnfjord kommune.

Lokale øvings-turar

Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant av turen til Håheimsfjellet. På denne måten kan ein òg lettare avklare om deltakarane har god nok informasjon om turen og kva utstyr dei treng for å kunne gjennomføre ein slik tur.

Om ein ynskjer å arrangere lokale turar er det mange moglege samarbeidspartnarar lokalt (DNT, 4H, Norges jeger- og fiskeforbund, idrettslag, frivilligsentralen m.v.). Distriktskontoret har nokre midlar til disposisjon ved behov.

For meir informasjon om Til topps eller hjelp til å starte opp lokale turgrupper i forkant, ta kontakt med tilretteleggar ved distriktskontoret jon.langeland.thomsen@redcross.no, tlf. 482 48 184.

Filmar frå tidlegare Til Topps-turar: