Gruppe på toppen av fjell. Vis bildetekst
Kjensla av å komme seg til topps er fantastisk. Her frå toppen av Svinestranda i fjor.

Til topps

Vi inviterer "heile verda" med på topptur.

Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur. I 2023 og 2024 gjekk topp-turen til Svinestranda (1074 moh), og det var lagt til rette for ein mindre tur for familiar i Trivselsskogen. 

Informasjon om Til topps 2025 kjem når det nærmar seg. Arrangementet brukar å vere i midten av juni. 

Målgruppa er immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Det er ingen nedre aldersgrense, men ein bør være minimum 5 år for å klare å gå ein av turløypene på eigahand.

Vil du vere deltakar, frivillig lagleiar eller få med deg deltakarar frå ditt lokalmiljø? Kontakt di lokalforeining eller distriktskontoret.

 
gruppe på utsiktspunkt.
Svein Rune Myklebust (i midten) er frivillig lagleiar og har med seg ei gruppe deltakarar og frivillige frå Eid. Bilete er teke ved Fosseteateret i Trivselsskogen.

Frivillige lagleiarar

Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet. Dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen.

På familierunda skal også frivillige bli med deltakarane, men det stillast mindre krav til tal deltakarar per lagleiar.

Oppgåvene til lagleiar:

  • Registrerer laget i sekretariat før avgang.
  • Halde turlaget samla under turen. 
  • Passe på at ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.
  • At turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar. 
  • At alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende. 
  • Registrere laget i sekretariat ved retur.  
Kvinne sitter på benk ute.
Grethe Fisher er mangeårig turleiar i Sogndal Røde Kors.

Påmelding og organisering

Kvar lokalforeining/lokale turgruppe må ha ein hovudansvarleg for alle sine deltakarar – ein gruppeleiar. Gruppeleiar har ansvar for å melde på deltakarane/laga frå sitt lokalsamfunn, og er bindeledd til arrangøren Sogn og Fjordane Røde Kors. Gruppeleiar har ansvar for at alle frivillige lagleiarar er budde til turen og held sitt turlag informert. Meir informasjon kjem når det nærmar seg Til topps 2025. 

Pris

Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar over 18 år, medan frivillige og born går gratis. Dette dekker:

  • Reise frå sentrale utfartsårer i fylket til turmålet med eigne turbussar.
  • Middagsservering etter fjellturen laurdag ettermiddag.
  • Heimreise med turbussar laurdag tidleg kveld.

Lokale øvingsturar

Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant. På denne måten kan ein òg lettare avklare om deltakarane har god nok informasjon om turen og kva utstyr dei treng for å kunne gjennomføre ein slik tur.

Om ein ynskjer å arrangere lokale turar er det mange moglege samarbeidspartnarar lokalt (DNT, 4H, Norges jeger- og fiskeforbund, idrettslag, frivilligsentralen m.v.). Distriktskontoret har nokre midlar til disposisjon ved behov.

For meir informasjon om Til topps eller hjelp til å starte opp lokale turgrupper i forkant, ta kontakt med tilretteleggar ved distriktskontoret jon.langeland.thomsen@redcross.no, tlf. 482 48 184.

Filmar frå tidlegare Til Topps-turar: