Vaketenesta
Vaketenesta handlar om å vere til stades når livet nærmar seg slutten – halde ei hand, skape ro og gje nærvær.
Tenesta handlar om å vere til stades – halde ei hand, skape ro og gje nærvær – når livet nærmar seg slutten. Det gir tryggleik for den som ligg for døden, og avlasting for pårørande som treng ei hjelpande hand.
Opplæring
Dei frivillige gjennomgår kurs og får rettleiing for å kunne bidra på ein trygg og respektfull måte. Tenesta erstattar ikkje helsepersonell sine oppgåver, men fungerer som eit supplement, på same måte som ein pårørande kunne gjort.
Tilbod i Sogn og Fjordane Røde Kors
Foreløpig er det berre Stryn Røde Kors som tilbyr Vaketeneste i Sogn og Fjordane Røde Kors, med det er eit ynskje at fleire lokalforeiningar også startar opp Vaketeneste.
Den siste fasen i livet er like viktig som alle andre delar av livet, og omsorg på denne tida kan gjere ein stor forskjell for både den som døyr og for pårørande.
Vil du vite meir?
Send e-post til dk.sognogfjordane@redcross.no
Dersom du ynskjer å høyre meir om korleis Stryn Røde Kors driv tenesta, kontakt
Omsorgsleiar Astri Kyrkjeeide
E-post: astrisin@online.no
Telefon: 48228987