Ni nye besøksvener med hund på kurs i Hafslo Vis bildetekst
Ni nye besøksvener med hund på kurs i Hafslo

Nye besøksvener med hund

Snart er desse to og firbeinte besøksvenene klare til å dra ut på besøk for Røde Kors.

Her ser du ti nye besøksvener med hund på kurs i Hafslo. Snart er dei klare til å gjere ein innsats for dei som treng det. Til saman har vi no 26 besøksvener med hund fordelt på ulike lokalforeiningar i fylket.

Berre for å avklare. I Røde Kors har vi hatt tobeinte besøksvener i fleire generasjonar. Omsorgsfulle medlemmer som besøker folk som ikkje har så mange å ty til i kvardagen. Slår av ein prat, går ein tur, drikk ein kopp kaffi.  

Den beste medisin for eit menneske er eit anna menneske, sa besøkstenesta sin grunnleggar Jens Meinich. Så er det slik at hundar også kan vere gode vener for folk, og no altså besøksvener. Flora Røde Kors har hatt tilbodet ei stund, Fjaler, Førde, Jølster og Svelgen-Bremanger jobbar med det. Og no er altså denne gjengen på bildet frå Luster, Sogndal, Vik og Askvoll eitt steg nærare å bli besøksvener med hund.

bvh_linda_svendsen_Enya_DSC03581
Linda Svendsen øver på turgange med rullestolbrukar saman med sin storpuddel Enya.

Som alle frivillige i Røde Kors, må også hundane og eigarane gjennom eit grundig  opplæringsprogram. På bilda ser du opplæringa dei ni deltakarane på kurset i Luster fekk.  Typisk måtte dei øve på å gå saman med folk med rullator, rullestol eller krykker.

Like mykje som hundane må venne seg til desse ulike farkostane dei kan møte i teneste, må eigarane lære seg å ha kontrollen. Dei må verne om labbane til hunden, ikkje sette hunden i ei knipe, så den vert redd i ein trang korridor.

Dei må lære seg å vere trygge i forskjellige miljø, og eigarane må vite kva dei skal gjere om hundane eller dei dei besøker vert utrygge. Og så får dei teste alt det koselege dei kan få vere med på, som å sitte i fanget, bli klappa og mata og dulla med.

bvh_Jetty Jacobsen_Kaiza_ND7_3213
Jetty Jacobsen og Kaiza trenar på å gå tur med ein krykkebrukar som dreg føtene etter seg.

Dersom du ønskjer besøk av slike humørspreiarar, eller du er pårørande til nokon du trur ville trenge og ønskje slikt besøk, eller du jobbar på ein institusjon du trur kan vere aktuell for besøk, kan du ta kontakt med ditt lokale Røde Kors og høyre om dei har tilbodet eller har tenkt å opprette eitt med det første. 

Finn di lokalforeining

bvh_christine_haugen_kevin_ND7_3262
Christine Haugen har med seg Kevin på tur saman med nøgd "rullestolbrukar".

 

Kanskje kunne du tenkt deg å bli besøksvenn med hund sjølv? Røde Kors satsar på å halde fleire kurs i år. Tid og stad vert snart avklart. Les meir ved å klikke på lenka nedanfor. 

Les meir om aktiviteten