Familie i sterkt lys Vis bildetekst
Lama og hennar seks barn på toppen av Hoven. Nokon av barna syns lyset på toppen av fjellet var litt sterkt.

Stor pågang til Ferie for alle

86 barn og vaksne frå Sogn og Fjordane deltok på leir på Nordfjord fritidssenter denne vinterferien. Rekordstor påmelding syner at det er stort behov for gratis vinterferie.

43 spente deltakarar stig ut av bussen og kik opp mot den bratte fjellsida og toppen Hoven 1011 meter over havet. Toppen er svøypt i skodde på ein elles så solrik dag. Det kriblar i magar når ein kan sjå gondol-heisen sige ut av skodda på veg ned for å hente ferieleir-deltakarane. 

- Eg har litt høgdeskrekk, så det blir litt skummelt, seier Jana (10 år).

Tvillingbroren Majd er einig, og kjenner på det same.

- Men eg gledar meg veldig mykje og håpar det blir gøy, seier Majd.

Bror og søster smiler
Tvillingane Majd og Jana er spent på turen med Loen Skylift opp til Hoven.

Stor pågang

Majd og Jana er saman med mor og fire andre søsken på ferieleir. Mor Lama og hennar seks barn er ein av familiane som er heldige å få vere med på årets vinterferie-leir. Far ligg diverre sjuk heime, og går glipp av desse dagane med vinteraktivitetar saman med familien. Mor Lama set uansett pris på å få ein ferie saman med barna.

- Eg er veldig glad for å vere her. Det er veldig fint at vi får desse dagane saman, seier Lama.

I desse såkalla "dyrtider" merkar Røde Kors stor pågang på tilbod om vinterferie. Ferieleiarane er eit gratis tilbod til barnefamiliar som ikkje har ressursar til å reise på ferie.

I år har Røde Kors i Sogn og Fjordane 226 påmeldte deltakarar mot 145 i fjor. Det er tilsette i kommunen som meldar familiar på "Ferie for alle". Røde Kors i Sogn og Fjordane arrangerer to leir-opphald i vinterferie-veka. 86 av 226 har fått tilbod om å vere med på "Ferie for alle" denne vinteren. 

Glade barn med akebrett
Frivillig Hedda Andrine Skår Indrebø passar på at ingen kræsjar i akebakken.

Glede i ein akebakke

Vel oppe på toppen av Hoven stig deltakarane ut av heis-bygningen og eit totalt kvitt landskap openberar seg. Det er vanskeleg å halde augene opne for dei som ikkje har solbriller, og det er utfordrande å sjå kva retning ein skal gå. Heldigvis er vegen til akebakken skilta.

"Løype!" kan ein høyre eit barn rope før han tek springfart og hiv seg på akebrettet og siglar nedover bakken i ein rasande fart. Like etter kjem ein til som siglar med hovudet først og med eit stort glis i front.

Vesle Abdi på tre år er ein av dei tøffaste i bakken. Han susar ned på eit rosa UFO-akebrett. Mor og far følger nøye med, men får ikkje lov av sonen å hjelpe.

Liten gut på ufo-akebrett i akebakke
Abdi på 3 år er ein tøffing i akebakken. Mor vil helst hjelpe, men Abdi skal "klare sjølv".

Mor Dunio fortel om ein bestemt gut som helst vil vere like stor og tøff som brødrene sine. Han har tre eldre brødre og to av dei på 13 og 14 år er også med leir. Størstebror på 16 er att heime.

- Det er luft å vere her, seier Dunio og legg til at det er godt å vere ute å leike, og å bli kjent med nye folk.

Dagen i forvegen prøvde både mor og 3 år gamle Abdi å stå på ski for første gang.

- Eg var redd, men det var ikkje 3-åringen, ler Dunio.

Dunio syner ein video der sonen går på ski og fortel om stå-på-vilja til guten.

- Eg lære sjølv, sa han, fortel mor Dunio.

Gledeshyl og latter går over i fortvilte skrik og gråt då tida er kommen for å gå tilbake til heisen. Abdi vil ake meir!

Bilete av ein telefon som syner ein video av liten gut på ski.
Mor Dunio syner video av tre år gamle Abdi som står på ski for første gang.

Avhengig av frivillige

Frivillige sørger for at for at barn og foreldre som elles ikkje ville hatt råd til å reise på ferie får eit godt ferieopphold. I tillegg til to instruktørar frå Nordfjord Feriesenter er det fire frivillige på kvar leir som jobbar for at familiane skal få oppleve glede saman, få servert måltid og vere i aktivitet.

Hedda Andrine Skår Indrebø er ein av dei som er frivillig på ferieleir denne veka. Om kvifor ho brukar vinterferien sin på å vere frivillig seier ho.

- Det er den kjensla av at ein har gjeve noko til nokon andre, og så får ein litt ferie sjølv også, seier frivillig Hedda .

For dei frivillige er der rom for kos, hygge og fellesskap, og dei får også vere med på kjekke aktivitetar. Jan W. Sande og Gjertlin E. Kirkeeide susar fordi på eit akebrett, hamnar i ei snøfonn og vert kledd i kvitt. Dei vert offer for latterkuler frå både store og små.

- Det er kjekt både for ungane og for dei vaksne, seier Jan W. Sande etter han har fått børsta av seg snøen.

Jan er leirsjef og har det overordna ansvaret på leiren. Gjertlin er frivillig på "Ferie for alle" for første gang og tykkjer det er gjevande å vere frivillig.

- Når ein ser at deltakarane har det kjekt, då har ein det kjekt sjølv også, ein blir glad av å sjå at andre kosar seg, seier Gjertlin.

Eg vil bli frivillig!

Røde Kors-frivillig kledd i snø
Jan W. Sande er innpakka i snø etter ein liten tur inn i ei snøfonn.

Eit glimt av sol

På veg tilbake mot heis-huset byrjar sola å kikke fram bak skodda, og den strålar om kapp med fornøgde frivillige og deltakarar.     

- Det var kjempegøy, det var gøy både å ake og å ta heisen, litt skummelt, men mest gøy, seier Jana før ho går inn i heisen igjen.

Både dagens utflukt med Loen Skylift til Hoven og leiropphaldet byrjar å gå mot slutten for første pulje leirdeltakarar. På same tid held 41 nye deltakarar på å pakke varme vottar og sokkar, og det dei treng til nokon dagar med vinteraktivitetar på Nordfjord fritidssenter.

Les meir om
"Ferie for alle".

 

Sjå video frå turen til Hoven her: