Tre jenter i tube bak båt omringa av fjordlandskap

Aktivitetsdag for dei utan ferietilbod

Siste solrike sommardag før skulestart sørga Eid Røde Kors og Selje Røde Kors for ferieminner for familiar i kommunen som ikkje har vore på ferie i år.

Leiar i Eid Røde Kors, Dag Sætren oppdaga at mange familiar i Stad kommune ikkje har hatt høve til å nytte seg av Røde Kors sitt ferieleir-tilbod "Ferie for alle" denne sommaren.

- Mange har ikkje hatt ferie i heile teke. Dermed inviterte vi til lokal familiedag for familiar i vår kommune, eit tilbod til dei som ikkje fekk plass eller hadde høve til å vere med på "Ferie for alle", fortel Dag Sætren.

Eid Røde Kors gjekk saman med Selje Røde Kors og Opplæring- og Integreringstenesta i Stad Kommune og arrangerte familiedag på leirstaden på Krokpollen, Norsk kystleir.

Raude hus langs brygge med fleire båtar
Krokpollen er ei lita kystperle i Nordfjord.

Lokale opplevingar

Lokale familiedagar er eit integreringsarrangement der fleirkulturelle barn og barnefamiliar har det kjekt saman med andre i lokalsamfunna sine. 40 deltakarar frå fem ulike land var samla på Krokpollen. Der fekk dei mellom anna høve til å køyre rib-båt, fiske, padle, bade og sitte på i tube, og viktigast av alt å ha det kjekt saman.

- Nokon av familiane bur på Stadlandet, nokon på Eid og nokon på Bryggja. For dei betyr det mykje å ha ein samankomst, fortel Dag Sætren.

Ein treng ikkje reise langt for å kjenne på feriekjensla, og mange av dei som er nye i området, tykkjer det er fint å sjå kva som finnast i kommunen.  

- Eg trur dei sit igjen med mykje glede. Mange har ikkje vore på noko reise i sommar, dei har berre vore heime. Dei har smil om munnen og kosar seg, og det er kjekt å sjå, fortel Linn Therese Sunndal frå Opplæring- og integreringstenesta.

Mann spelar trekkspell framfor mange  menneske
Dagleg leiar på Norsk Kystleir Magnus Willumsen underhalda med trekkspelmusikk medan deltakarane fekk servert grillmat.

Ynskje om gjentaking

Deltakarane vart skyssa i båt til leirstaden på Krokpollen. Når ein kjem i land merkar ein fort at dette er eit ferieparadis. Dagleg leiar på Norsk Kystleir, Magnus Willumsen underhalda deltakarane med trekkspelmusikk og Røde Kors sto for grilling av hamburgarar og pølse.

Dei minste barna sprang rundt i graset medan ungdommane kasta seg på fjorden. Dei tøffaste tok ei runde med tuben på fjorden. Aktivitetsleiarane på leiren sørga for tryggleik og opplæring.

Jente i kvit genser
Nadia (17) har budd på Eid i tre år, men er opprinneleg frå Sør Sudan. Ho var med på den lokale familiedagen saman med søstra si.

Nadia (17 år) frå Eid er ein av deltakarane som satte pris på ein dag i ferieparadis.

- Det var spesielt gøy å køyre båt og tube. Det har vore ein veldig fin dag, eg likte det veldig godt, seier Nadia.

Lokallagsleiar Dag Sætren håpar å gjenta suksessen neste år og ynskjer at dette vert ein årleg familiedag. Då håpar han på å få enno fleire med seg, både deltakarar og frivillige.

To menn som vinkar, ein i Røde Kors t-skjorte og ein i redningsvest med norsk flagg
Thomas R. Brekke (t.v.) og Dag Sætren (nestleiar og leiar i Eid Røde Kors) tok smilande i mot 40 deltakarar.

Innhaldet i lokale familiedagar kan variere frå stad til stad og frå år til år. Ein kan invitere til leikar og grilling, eller ein kan legge til rette for natursti eller førstehjelpsundervisning. Sogn og Fjordane Røde Kors oppmodar lokalforeiningar til å arrangere lokal aktivitetsdag for barn og barnefamiliar. Les meir om lokale familiedagar her: Inkludering - lokale familiedagar - Røde Kors (rodekors.no)

Ynskjer du å bidra som frivillig?